Vi anbefaler konsert med Ole Børud til Ulsteinvik!

Av: Aina Otneim
05/06-2009

Sundag 14. juni entrar den unike artisten i norsk samanheng scena på Sjøborg i Ulsteinvik, som siste tilskudd av store hendingar under Ulsteindagane. Med seg har han etter eige utsagn sitt aller beste band.


I ein musikknasjon som har begge beina solid planta i kvit rock, er Ole Børud eit kjærkome og forfriskande tilskudd. Med den eine foten i amerikansk vestkystmusikk og den andre i soul og funk, rokker ikkje berre debutskiva hans, Shakin' the ground, ved musikk-Noregs grunnvollar, men vil også få dansegulvet til å røyre seg. Sikkert er det i alle fall at ein aldri har hørt nokon liknande på desse breiddegrader. Ole Børud er slett inga ny skikkelse i norsk musikkliv. Få artistar kan vise til ei breidare erfaring.

Ole begynte å synge som femåring og debuterte på si fyrste plate året etter. Sidan han fylte 16 har han jobba heiltid som musikar (både vokalist og gitarist) med ei rekke band innanfor dei fleste sjangarar. Han har turnert på alle verdas kontinentar og vore frontfigur på bortimot 20 utgivingar, med alt frå gospelgruppa Arnold B Family til metalbandet Extol. I tillegg har han jobba med artistar som Sofian og Torun Eriksen og delt scene med størrelser som Andrae Crouch.

Shakin' the ground er Ole Børuds debutalbum som soloartist. Musikken ber preg av hans bakgrunn og er like variert og spennande. Der tette harmoniar og gjennomarbeida arrangementer vitnar om innflytelse frå 70 talls west coast, er det rytmiske djupt forankra i svart musikktradisjon. Men det er so klart Ole Børud si unike stemme som verkeleg gjev albumet den personligheia og eigenart. Like glasklar som den er funky, signerar den låtane med sterke melodiar, sjel og nerve. Med nokon av Noregs beste musikarar på laget, er det duka for ein av årets store musikkopplevingar.

Artikkelen er henta frå Herøynytt