Kven ville forvente ein konge

Av: Jan Magne Goksøyr
06/12-2016

Foreldre ser alltid på sitt vesle barn som noko spesielt, vi tenker at dei kan verte bygningsfolk, fiskarar eller lærar, men kven kunne vente ein konge? Slik startar Herøy Gospelkor juleavdelinga av sin jule og gospel konsert. Det er dempa belysning og eit festkledd publikum. Dei tretten på scena gjev publikum det dei vill ha: Magisk julestemning.


Stemningsfullt når koret kjem inn med lys i hendene.

Vi har mange flinke artistar som besøker byen vår her i havgapet no i førjulstida. Herøy gospelkor har tidlagare år vore saman med «storebror» Oslo Gospelkor, men laurdag hadde dei sin årlege konsert på eiga hand i Frikyrkja. Salen var nær fullsett og koret presenterte eit variert og samansett program. Dei starta med 6 gospelsongar. Ei avdeling som viste godt kva koret kan levere, flinke solistar og godt samspel. Tor Arne Leine sat ved flygelet på dei fleste songane, men også dirigent Birgitte Grongstad Kvalsvik spelte til ein av songane. Når ho ikkje sat ved flygelet heldt Birgitte kontroll på framføringa frå sida av koret. Ho valde å sjølv stå i koret framfor å stå frame med ryggen til slik ein ofte ser, men ho viste at ho hadde full kontroll. Koret imponerte, og kommentarane frå publikum etter konserten tydar på at dei lokale imponerar like mykje som tilreisande artistar i juletida. Flott levert var gjennomgangstonen.


Frå venstre: Tobias Torvholm Sævik, Torill Torvholm Sævik, Emma Nærø Pettersen, Marte Nerland, Vilde Kvalsund, Amanda Nysæter Kopperstad, Edel Maria Goksøyr, Kanutte Kopperstad, Catrina Sofia Helsem Leine, Veronika Jorysha Myklebust, Abigail Sævik Pedersen og Birgitte Grongstad Kvalsvik.

Del to av konserten var juleavdelinga. «Vi ska no fortelje juleevangeliet i gjennom lesing og song» introduserte Birgitte, og Karete Nærø las juleevangeliet del for del mellom dei seks songane til koret som geleidar oss gjennom julas bodskap. «Rejoyce» med fire solistar er eit av høgdepunkta saman med «Mary did you know». Mange set nok også pris på at ein julekonsert vert avslutta på tradisjonelt vis med «Deilig er jorden».


Tor Arne Leine ved flygelet.