Gud er audmjuk

Av: Administrator
21/04-2018

Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og audmjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel. For mitt åk er godt, og mi bør er lett. Matteus 11, 28 – 30

Sei til dotter Sion: «Sjå, kongen din kjem til deg, audmjuk er han og rid på eit esel og på folen til eit trekkdyr» Matteus 21, 3


Bendik Storøy Hermansen

Det høyrest forferdelig tungt ut å ta på seg Jesu åk. Men det er det ikkje. Om du hadde levd i gamle dagar og kvar dag måtte hente vatn i brønnen, då trur eg at du ville visst at eit åk er ein god ting. Det er nemleg eit bærereiskap.

Du har sikkert sett det på TV eller på museum: Ein trestokk ein har over skuldra der det er kutta ut ein halvsirkel til støtte for nakken, og det er ein kjettingstubb i kvar ende med ein krok til å hekte bøttene på – ein på kvar side.

Mange kan fortelje at det har blitt lettare å bære tunge ting når dei har brukt Jesu åk. I Det gamle testamentet blir ikkje Gud framstilt som særleg audmjuk. Men dette endrar seg i Det nye testamentet. Jesus møter menneske på ein veldig audmjuk måte. Han vil gjerne vere med og bære det som er tungt.

Og så sei Jesus at vi skal få kvile. Han har lova oss kvilepausar, slik at vi kan lade opp igjen, slik at vi har krefter til neste arbeidsdag. Og det er også grunnen til at vi kvar veke har ein heilagdag, eller kviledag som det også blir kalla, for at vi kan lade opp og samle nye krefter til ei ny arbeidsveke.

Og når eg skal finne kvile, så må eg få tid til å vere med Gud, lese i bibelen og be eller synge lovsong. Da finn eg ro og fred, for da er eg med Gud. Da ladar eg opp til å møte ein ny dag med ulike utfordringar. Om man alltid har med seg Jesus som kan hjelpe å bære, så går alt så bra. Og da tenker eg på barnesongen ‘’min båt er så liten’’ for i den songen syng dei om at når Han styrer båten så går det så bra.

Har du noko du treng hjelp til å bære – gå til Jesus!

Kast all dykkar uro på han, for han har omsorg for dykk.
1 Peters brev 5, 7

Gud sendte sin son for oss, slik at våre synde skulle bli tilgitt, slik at vi ikkje skulle gå fortapt (Joh 3. 16). Som vi kan lese i 1. Peters brev 5, 7 så les vi at vi skal kaste all vår uro på han, fordi han elskar oss menneske og han har omsorg for oss. Og han vil at alle skal få kome til himmelen, til Paradis. Alle er velkomne i Guds rike.

Skrive av:
Bendik Storøy Hermansen
Elev, Vestborg VGS
Skrive i samband med aksjonsdag i Herøy Frikyrkje