Om Benni Wiencke

Ungdomsarbeidar i Herøy Frikyrkje

Du bestemmer!

Av: Benni Wiencke
18/05-2017

I vårt daglege liv har vi mange utfordringar. Vi planlegg dagen, men plutseleg må planen endrast når noko uventa eller nytt dukkar opp. Og når det skjer så reagerer vi på mange forskjellege måtar. Enkelte av oss taklar ikkje uventa endringar så veldig godt. Andre tek dei på strak arm og vi merkar ikkje på dei at alt ikkje var som planlagt. Vi er forskjellege.


Benni Wiencke

På islandsk har vi eit uttrykk som kan omsetjast til: «Kvar og ein byggjar si eiga lykke», og som tilsvarar det norske «Kvar og ein er si eiga lykkes smed», sånn cirka. Det kan mellom anna bety at det er du som bestemmer kor glad du vil vere i dag. Sjølvsakt er det av og til noko som skjer som vi ikkje kan bestemme over eller kontrollere, men stort sett så kan vi bestemme oss for om vi er fornøygd med livet eller ikkje.

Når eg har samtalar med personer som slit med eit eller anna, så brukar eg av og til å sei at du kan kanskje ikkje endre dine omstende, men pass på at omstenda ikkje endrar deg! Det er så enkelt for oss menneske å bli påverka og prega av omstenda. Samfunnet og alt omkring oss påverkar oss, og det er ikkje noko vi kan gjere med det. Sånn er livet. Men det er DU som bestemmer om du skal vere glad eller ikkje. Det er ingen andre som bestemmer det for deg. Du må bestemme det sjølv.

Misforstå meg rett, om noko heilt forferdeleg skjer så er det naturleg å reagere negativt på det. Men ikkje kast bort gleda og freda di berre fordi det skjer noko lite og ubetydeleg som ikkje var med i planen din. Prøv å hugse at i dag er din dag og ingen kan ta den dagen frå deg. I dag vil du ha ein god dag og derfor bestemmer du deg for å ha ein god dag! I dag er dagen der du sjølv vel korleis du vil møte livet, deg sjølv og dine omstende. I dag viser du alt og alle at du sjølv har kontroll over lykka i ditt eige liv!

Det kan være ein utfordring å ta ei slik avgjersle. Det kan, på mange måtar, vere vanskelig å endre sinnet sitt. Men om du ikkje gjer det, så er det ingen som gjer det for deg. Du må begynne og endre sinnet ditt sjølv. Du bestemmer. Vel å smile. Vel å le. Vel å ver snill mot dei som treng det. Du vel, du bestemmer.