Om Benni Wiencke

Ungdomsarbeidar i Herøy Frikyrkje

Ape gjer det ape ser.

Av: Benni Wiencke
29/03-2017

Vi er alle i den posisjon at vi er eit forbilde. Uansett om du veit det eller ikkje, er du eit forbilde. Og som regel er du forbilde for dei du ser ofte. Dine barn, dine søsken, din familie, dine vener, dine naboar, dine medarbeidarar, dine medelever, det kan være kven som helst. Du veit ikkje alltid om at du er eit forbilde for nokon.


Benni Wiencke

Spørsmålet er, er du eit godt forbilde? Synes du at du oppfører deg på ein måte som andre burde ta etter?

Av og til så gjer eg dumme ting. Og det eg synes er verst når eg gjer dumme ting, det er at barna mine ofte legg merke til det. Og om eg gjer dei same dumme tinga ofte, betyr det som regel at dei også byrjar å gjere dei same dumme tinga som meg.

Eg skal gje dykk eit veldig enkelt eksempel.

Eg hugsar når eit av mine barn var ca. 1 og 1/2 år. Barnet gjekk med ein “mobil” ved øret sitt og hadde «samtalar» med bestemora si. Det som var så rart var at barnet gjekk rundt i leilegheita med «mobilen» sin akkurat slik eg gjekk i den leilegheita når eg snakka i mobilen og oppførte seg på nøyaktig same måte som eg og mi kone brukte og gjere. “Ape gjer det ape ser”.

Eg høyrte her om dagen ein som sa “Dine vanar blir barnas verdiar”. Det er ganske skremmande å tenke på at det vi er vant med å gjere kvar dag kjem til å bli ein del av nokon annan sitt liv ein dag. Vi kan påverke og prege vårt nærområde, og eventuelt vidare utover vårt nærområde, med måten vi lever vårt liv.

Ta derfor gode val. Eg høyrte her om dagen at frå den tid du vaknar om morgonen og til du legger deg på puta om kvelden har du tatt 30.000 val. Det er mykje! Men du vel kva du gjer med ditt liv. Vel rett.