TETELASTAI

Av: Erhard Hermansen
08/03-2017

“Sælt er det mennesket som held ut i freistingar. Når det har stått si prøve, skal det få livsens sigerskrans, som Gud har lova dei som elskar han” (Jakob 1.12)


I andakta i Vestlandsnytt denne veka skriver pastor Erhard Hermansen om Gud som tilgjev, ikkje halvegs, men hundre prosent. Det krevest ikkje noko tillegg, berre trua åleine, nåden åleine, Kristus åleine.

Komande søndag handlar tekstene i kyrkja om freistingar. Jesus vart freista av djevelen, det same vart menneska. Vi les korleis Jesus stod imot djevelens freistingar, men at menneske fall i synd. Eva og Adam åt av den forbodne frukta.

Ordet synd betyr eigentleg å bomme på målet, bomme på det som er Guds gode vilje. Det er ein slags negativ kraft som av og til er sterkare enn vår eiga vilje.

Menneske vil aldri klare å leve utan å gjere synd, det er medfødt. Det store spørsmålet er kva vi gjer med synda?

Johannes seier det slik "Seier vi at vi ikkje har synd, då fører vi oss sjølve vill, og sanninga er ikkje i oss. Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd" (1. Joh. 1.8-9)

Eit av dei orda som betyr mest for meg i Bibelen er det greske ordet "Tetelestai". Ordet er henta frå då Jesus hang på korset og tyder "Det er fullført". Det Jesus gjorde var nok, for meg og deg og alle menneske.

Jesus ofra sitt eige liv for å gi oss liv. Berre han som ikkje hadde synd, kunne bære verda si synd på sine skuldre. Kvifor? Johannes skriv det slik "For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv" (Joh. 3.16). Det er nåde!

Det er 500 år sidan den lutherske reformasjonen, og eit av dei lutherske prinsippa var Kristus åleine: Jesus er einaste vegen til Gud, nokon anna veg finnes ikkje.

Som nytilsett pastor på slutten av 90-tallet ba eg i lang tid om tilgjeving for synder eg hadde gjort, men som eg følte Gud aldri vart ferdig med. Ein dag søkte eg forbøn, og under forbønen seier forbedaren: "Eg opplever at Gud seier dette til deg: «Eg veit ikkje kva du snakkar om.»"

Forfattaren Corri ten Boom sa ein gong "at når vi bekjenner vår synd, kaster Gud den i glemslenes hav kor han har plassert ei bøye. Bøya har eit skilt med påskrifta: «All fisking forbode!»"

Gud tilgjev ikkje halvvegs, han tilgjev hundre prosent. Det krevest ikkje noko tillegg, bare trua åleine, nåden åleine, Kristus åleine.

Det er fullført!