Om Benni Wiencke

Ungdomsarbeidar i Herøy Frikyrkje

Kvar dag har nok med si plage.

Av: Benni Wiencke
15/11-2016

I vårt samfunn er det veldig mange som slit med noko dei godt kunne vore forutan. Noko dei ikkje treng og som ikkje hjelper dei. Noko som bruker energi og tid som dei elles kunne brukt til noko positivt. (Andakt i Vestlandsnytt 11.november 2016)


Benni Wiencke

Det som mange slit med er noko som er slik at dersom du ikkje tenker på det då blir dagen din enklare, meir gøy og morosam. Ved å ikkje bli dratt med i den negative karusellen så blir du i betre humør, blir meir positiv og du he meir tålmodighet til alt du gjer, du blir blid og snill og kvardagen blir betre.

Ditte noko er nemleg stress. Veldig mange, unge og gamle, slit med stress. Eg he lagt merke til at altfor mange slit med stress. Unge er urolege for eksamen. Vaksne er urolege for pengar eller borna sine. Alt for mange slit med stress!

Vi trenger ikkje å være urolege for noko vi likevel ikkje får endre. Eg kan, for eksempel, ikkje endre noko på morgondagen same kor mykje eg tenker og uroer meg for den. Eg får mellom anna ikkje endra det faktum at eg skal være ein plass og kona mi skal være ein annan plass på same tid i morgon og så har vi berre ein bil. Eg kan tenke og tenke på det, men det hjelper ingenting. Om eg ikkje gjer noko då hjelper det ikkje å uroe seg for det. Eg blir bare meir uroleg og he ikkje overskot til å leike med ungane mine. Eg blir irritert over ingenting og blir kjedelig. Stress hjelper meg ikkje.

Men, om eg pustar djupt inn gjennom nasa og ut gjennom munnen, kanskje 3-4 gangar, og smiler til slutt, bestemmer meg for at dette skal eg ikkje tenke på før seinare, fordi det ikkje hjelper å tenke på noko eg ikkje kan endre, då blir dagen min mykje betre.

I Bibelen står skreve:

Kvar dag har si møde, eller plage kan vi sei. Det veit vi. Men å legge til plaga som høyrer til neste dag eller neste veke, det hjelper ingenting. Vi må „lure“ sinnet vårt til å ikkje uroe oss for det vi ikkje vil uroe oss for.

Det kan hende at du som les dette tenker at det her er kanskje litt naivt, men faktum er at altfor mange slit med stress. Det ser eg også som ungdomsarbeidar. Ein stor del av dei ungdommane eg treffer er urolege. Og ein del av dei er veldig urolege. Og i tillegg er det mange foreldre som er urolege med. Det merker eg godt.

Det kan hjelpe å snakke om det du er uroleg for. Snakk med eit familiemedlem eller ein ven, ein lærar eller medarbeidar. Med bestemor eller eit syskenborn. Men, ikkje gjer det berre for å snakke. Nei, gjer det med den hensikt å få hjelp. Og når du får hjelp, gjer noko. Ikkje berre sitt der tenk på kor dårlig livet er. Nei, gå ut og nyt livet!

Livet er alt for kort til å bruke det til stress.