Dyrebare ord!

Av: Erhard Hermansen
02/09-2016

Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys for min stig (Salme 119.105).

Han kom bort til meg på torget i Kiev. Han kunne ikkje engelsk, men fikk vist meg sitt slitte engelske nytestamentet og ved hjelp av tolk begynte vi å snakke saman. - Forstår du det du les, spurde eg. Han rista på hovudet. Sjølv om han ikkje forstod orda kunne eg sjå kor mykje dei betydde for ham, og gleda vart enda større då eg tok frem eit nytestamente på ukrainsk og gav ham. Då han gjekk etter ein god samtale stod eg igjen med det slitte engelske nytestamentet. Han tok imot og gav frå seg det mest dyrebare han hadde.


Pastor Erhard Hermansen

Det er meir enn tjue år sidan, men kvar gong eg tenker på kvifor Bibelen omtalar Ordet som ”levande og verksamt” hugsar eg denne hendinga. For den jamnaldrande guten som kom til meg på torget i Kiev var det slik, og for meg er det slik. Det er som orda kvinna ved brønnen i Johannes 4 får del i, Jesu eigne ord, ord som slokkar tørst, som lækjer og gir håp.

”Ditt ord er levande og verksamt” (Hebr. 4.12) . Kvifor er det slik? Fordi sjølv om det er menneske som har skrive bibelen, er orda inspirert av Gud. Faktisk står det at kvart ord er innanda av Gud. Han har gitt liv til orda.

“Kvar bok i Skrifta er innanda av Gud og til nytte i opplæring, formaning, rettleiing og oppseding i rettferd, så det mennesket som høyrer Gud til, kan bli fullt utrusta til all god gjerning” (2. Tim. 3.16)

Neste veke i Herøy arrangerer vi bibelfestival. På ulike måtar set vi fokus på kva bibelen har betydd og betyr for menneske og for samfunn. Bibelen er ei bok som engasjerer og som det er vanskeleg å halde seg nøytral til. Den har forma kulturen vår. Frå ei tid då svært få hadde tilgang til ein Bibel finst det i dag rundt 7 millionar biblar i Noreg.

For meg som ein kristen finn eg det viktigaste i livet mitt i bibelen. Her møter eg Jesus, han som er min frelsar og min beste ven. Han som like tydeleg som til sine læresveinar understrekar for meg ”Eg er med deg alle dagar”.

Eg les Bibelen fordi den fortel meg om kven eg er, om min verdi, og minner meg på grunnen til at eg lever, og fordi Gud gjennom Bibelen, sitt ord talar til meg.

Tenk å åpne bibelen, finne trøyst når eg er nede, finne vegleiing når eg er rådvill, finne ein som gler seg saman med meg når eg er glad, finne Jesus, bibelens hovudperson, han som er ”vegen, sanninga og livet”. Han som er full av kjærleik og nåde.

Andakten stod på trykk i Vestlandsnytt 2.9.2016