Ei forvirrande tale

Av: Erhard Hermansen
04/07-2016

“Ein av dei skriftlærde som hadde høyrt på dette ordskiftet, skjøna at Jesus hadde svara dei godt. No kom han bort til han og spurde: «Kva for eit bod er det første av alle?» 29 Jesus svara: «Dette er det første bodet: ‘ Høyr, Israel! Herren vår Gud, Herren er éin. 30  Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit og av all di makt.’ 31 Det andre er dette: ‘ Du skal elska nesten din som deg sjølv.’ Noko større bod enn desse finst ikkje.”
Markus 12. 38 – 34


Pastor Erhard Hermansen

Mamma, pastorens tale forvirra meg. Den lisje jenta kom heim frå kyrkja og hadde nettopp høyrt pastorens tale. Kva var det som forvirra deg, ville mora vite. Den lisje jenta prøvde å forklare. Pastoren sa at Gud er større enn oss. Jo, mora kunne følgje den lisje jenta. Men så sa han at Gud bur inni oss. Jo, mora var framleis samd med pastoren. Men, seier jenta. Om Gud er større enn oss, og han bur inni oss, burde ikkje han synes meire då?

Eg har vendt tilbake til den vesle historia mange gonger. Den fortel så enkelt, men likevel truverdig om korleis Guds kjærleik treng føter og hender for å nå ut til menneske. Jesus sa det sjølv. Det er ikkje muleg å elska Gud utan samstundes å elska sin neste.

Bibelen fortel oss at Guds kjærleik er aust ut i hjarta våre ved Den heilage ande. Ved trua på Jesus tek Gud ved Den heilage ande bustad i oss menneska, og fylde av Den Heilage Ande vert vi fylt av Guds kjærleik. Paulus fortel oss i Galatarbrev 5 om Andens gåver som er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin.

Forvirrande? Den lisje jenta peika på noko viktig. Sidan Gud er større enn oss, og han ved trua på Jesus bur i oss, då burde hans kjærleik synes meir gjennom oss. Kanskje kan din og min bøn i dag vere ”Kjære Gud, kom bu i meg, gje meg meir av din kjærleik, slik at eg blir i stand til å elske meir”.