Med Jesus i sentrum

Av: Erhard Hermansen
17/03-2016

“Seks dagar før påske kom Jesus til Betania, der Lasarus budde, han som Jesus hadde vekt opp frå dei døde. Der heldt dei eit festmåltid for han. Marta var tenar, og Lasarus var ein av dei som låg til bords med han. Då tok Maria eit pund ekte, dyr nardussalve og salva Jesu føter og tørka dei med håret sitt. Heile huset vart fylt av angen. Då sa Judas Iskariot, ein av læresveinane, han som sidan sveik Jesus: «Kvifor vart ikkje denne salven seld for tre hundre denarar og pengane gjevne til dei fattige?» Dette sa han ikkje fordi han hadde omsorg for dei fattige, men fordi han var ein tjuv. Det var han som hadde ansvaret for pengekassa, og han tok av det som vart lagt der. Men Jesus sa: «Lat henne vera! Ho har gøymt salven til gravferdsdagen min. Dei fattige har de alltid hos dykk, men meg har de ikkje alltid.» ...

... Dagen etter fekk den store folkemengda som var komen til høgtida, høyra at Jesus var på veg inn i Jerusalem. Då tok dei palmegreiner og gjekk ut for å møta han, og dei ropa: Hosianna! Velsigna er han som kjem i Herrens namn, Israels konge!

Johannes 12. 1 - 14


Maria innleier Jesu frelsegjerning ved å salve føtene hans, og med det vert ein av profetiane oppfylte. Han skulle salvast til Konge. Konge over Israel, men meir enn det. Din og min Konge, skriv pastor Erhard Hermansen i andakta i Vestlandsnytt denne veka.

Det er ikkje første gongen Maria, som var ein nær ven av Jesus, set seg ved føtene hans. I Lukas 10 høyrer vi korleis Maria sette seg ved Herrens føter og lytta til hans ord. Jesus bekreftar der at det Maria gjer er nødvendig. Fordi ho lytta til kva han sa forstod ho kva Jesus meinte når han tale om at han snart skulle lide og dø.

Ho hadde også sett korleis Jesus vekka Lasarus, hennar bror, opp frå dauden.

Der andre ikkje forstod, forstod Maria. Han hadde gitt henne så mykje, lært henne så mykje, salven ho har spart til ham er ingenting å rekne mot alt han har gjort mot henne. Ho ville knele ned for ham, takke ham og tilbe ham. Ho ønskte å gje ham alt.

Maria visste at no skulle det skje, det profetane hadde sagt. No skulle han verkeleleg bli Konge, men ikkje ein konge slik folket hadde venta, ein Konge over alle kongar, ein Konge sterkare enn døden.

På vegen inn mot Jerusalem hyller folket ham og ropar Hosianna.

Hosianna betyr “Gje frelse”, og det er ein bøn vi alle kan be, i takksemd til han som gav livet sitt for kvart menneske, og i visse om at han vil vere med alle som påkallar han kvar dag til vi ein dag er heime hos han i himmelen.

Maria innleier Jesu frelsegjerning ved å salve føtene hans, og med det vert ein av profetiane oppfylte. Han skulle salvast til Konge. Konge over Israel, men meir enn det. Din og min Konge.

Maria sette Jesus i sentrum, kva gjer du?