Så som i himmelen

Av: Erhard Hermansen
29/10-2015

«Sjå, Guds bustad er hos menneska. Han skal bu hos dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hos dei. Han skal vera deira Gud. Han skal tørka kvar tåre frå auga deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine. For det som ein gong var, er borte.» Han som sit på trona, sa: «Sjå, eg gjer alle ting nye!»
(Joh. Op. 21.3-5)


Erhard Hermansen

Nokre gongar vert alt så vanskeleg. Mange kjenner på djupe sår, på mykje smerte eller stort sakn. Det å miste nokon ein er glad i, enten det er i nær familie, eller mellom vener er vanskeleg.

Gud lova oss aldri eit liv utan smerte og vanskelege situasjonar, men han lova oss sitt daglege nærvær. Jesus var prøvd i alt. Han var vel kjent med sjukdom, Han veit at livet kan vere vanskeleg, men minner oss om at det ikkje går ein dag, eller ein augneblink av våre liv, utan at Han er der.

Han seier mellom anna: ”Kom til meg alle de som slit og har tungt bera, eg vil gje dykk kvile” (Matt. 11.28) og før han reiste til himmelen gav han denne lovnaden ”Eg er med dykk alle dagar så lenge verda står” (Matt. 28.20).

I filmen ”Så som i himmelen” vert ein verdsberømt kordirigenten ramma av sjukdom og vert tvungen til å avbryte si karriere. Han reiser heim til si barndoms bygd i Sverige. Her møter vi menneske med ulike typar av sorg og problem, menneske som opplever sjukdom, som vert mobba og som vert utsette for vald. Han blir utfordra til å dirigere det lokale kyrkjekoret og der, gjennom livet i koret og i bygda, kjenner han og vi tonen av det fine og vakre midt i det som er sårt og vanskeleg. Filmen, og ikkje minst ”Gabriellas song” er songen om det såre og tunge, men også det vakre og fine.

Apostelen Johannes fekk frå sitt tilhaldssted på øya Patmos eit glimt inn i det evige, og han beskriv himmelen slik: ”Han skal tørka kvar tåre frå auga deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine. For det som ein gong var, er borte”.

Den sjukdomsramma kordirigenten kjem og gir den vesle bygda håp. Bibelen fortel om Jesus som vart såra for våre brot, knust for våre synder, om straffa som ble lagt på ham for at vi skulle ha fred (Jes. 53.5).

Ved trua på Jesus har kvar og ein av oss fått eit fantastisk framtidshåp. I himmelen skal vi få oppleve ein fellesskap som er meir fullkomen enn nokon annan fellesskap. Johannes seier det slik: Sjå, Guds bustad er hos menneska. Han skal bu hos dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hos dei. Han skal vera deira Gud. Det vonde og vanskelege vi opplever her, vil vere fullstendig fråverande der.

Men, kan det bli sånn som i himmelen her? Nei, aldri heilt. Men Gud hadde ein fantastisk tanke då han skapte oss til å leve i fellesskap med kvarandre. Han skapte oss for å utfylle kvarandre, glede og oppmuntre kvarandre, støtte og trøyste kvarandre, respektere og ha tru på kvarandre. Han skapte oss for at vi skulle utfylle kvarandre på ein god måte. Han skapte oss til å ha fellesskap meg seg, her og no, og slik kan vi oppleve ein bit av himmelen her.

Så, ein dag, skal vi få sjå Gud ansikt til ansikt. Det er mykje vi ikkje veit om himmelen, men eg veit at det blir bra. Paulus skriv om himmelen i 1. Kor. 2.9 ”Det auge ikkje såg og øyre ikkje høyrde, det som ikkje kom opp i noko menneskehjarte, alt det Gud har gjort ferdig for dei som elskar han”. Eg har lese mange fortellingar om kor vakkert og godt det er i himmelen, men eg er overtydd over at sjølv dei vakraste bilete og forteljingar bleiknar i møte med den himmel Gud har lova, og den plassen Jesus førebur.