Kva er advent?

Av: Erhard Hermansen
12/12-2014

For eit barn er oss fødd, ein son er oss gjeven. Herreveldet er lagt på hans skulder. Han har fått namnet Underfull rådgjevar, Veldig Gud, Evig far, Fredsfyrste (Jes. 9.6)


Pastor Erhard Hermansen (foto: Kristoffer N. Ytterland, meirenntusenord.com)

Ei legende fortel: Fire lys brann i adventsstaken. Det var heilt stille, så stille at ein kunne høyre lysa snakke til kvarandre.

Det første lyset sukka og sa: ”Mitt namn er fred. Eg skin klart, men menneska vil ikkje ha fred, dei vil ikkje ha meg”. Lyset vart mindre og mindre og til slutt slokna det heilt.

Det andre lyset sa ”Mitt namn er tru, men eg har vorte overflødig. Menneska vil ikkje vite av Gud lenger. Det er meiningslaust at eg brenn”, og så slokna det andre lyset.

Bedrøva og med låg stemme sa det tredje lyset: ”Mitt namn er kjærleik. Eg eig ikkje lenger krafta til å brenne. Menneska ser meg ikkje lenger. Dei ser berre seg sjølv og ikkje dei andre som dei skulle elske”, også det tredje lyset slokna.

Eit barn kom inn i rommet, såg på lysa og sa ”De skal då lyse og ikkje slokna” med auge som var fylt med tårar. Då høyrdes plutseleg stemma til det fjerde lyset: ”Vær ikkje redd! Så lenge eg brenn, kan vi tenna dei andre lysa igjen. Mitt namn er håp”.

Laurdag før første søndag i advent gjekk eg rundt i Fosnavåg med videokamera og spurde folk: ”Kva betyr advent?” Eg fekk mange gode svar, men også undring over kva ordet og tida eigentleg handlar om.

Sjølv om vi ofte seier at advent betyr ”ventetid” betyr ordet eigentleg. ”komme”, og tradisjonelt har advent, tida før jul vore ei av kyrkja sine to store fastetider. Den andre er tida før påske. Men kva betyr det å faste, og er det noko meining i å faste, og kva er det som skal kome, eller som vi ventar på?

Eg hugsar framleis ei avisannonse, ei oppmoding frå Kirkens Nødhjelp på midten av -90 talet. ”Redd jula” var overskrifta og handla om å rydde og finne fokus, om faste.

Det handla om å ta tilbake jula sitt eigentlege innhald, om fokus på det som skal kome. Det avslutta slik ”Jesus, hjelp oss slik at innholdet ikke blir borte mellom julenissene. Hjelp oss til besinnelse i adventstiden. Hjelp oss til en ny begynnelse. Først da kan gaver blir tegn på kjærlighet – symboler på din kjærlighet. Jesus, redd julen, redd oss. Det var derfor du ble menneske”.

Advent betyr ”komme”. Det er Kongen, Jesus, vi venter på i adventstida, og advent skal hjelpe oss til å halde blikket på Jesus og alt kva han betyr for meg.

Advent er ei håpstid, for då Jesus vart fødd brakte Gud oss si frelse og si fred. Så kan eg og du ta imot Jesus, Frelsaren, og ha ei fred som overgår all forstand, ha håp og vere trygg, for han har lova å vere med alle dagar.

Så kan du og eg også vere med å bringe lys, håp , fred og kjærleik til nokre som treng det.

Velsigna advent og jul!

Andakten stod på trykk i Vestlandsnytt 12.12.2014