Av: Erhard Hermansen
27/11-2012

”Då kan himmelriket liknast med ti brudejenter som tok oljelampene sine og gjekk ut for å møta brudgomen. Fem av dei var uforstandige, og fem var kloke. Då dei uforstandige tok lampene sine, tok dei ikkje olje med seg. Men dei kloke tok olje med seg i kanner saman med lampene sine. Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna. Men midt på natta høyrdest eit rop: ‘Brudgomen kjem! Gå og møt han!’ Då vakna alle brudejentene og stelte lampene sine. Og dei uforstandige sa til dei kloke: ‘Gjev oss litt olje. Lampene våre sloknar.’ ‘Nei’, svara dei kloke, ‘vi har ikkje nok både til oss og til dykk. Gå heller til dei som sel olje, og kjøp sjølve.’ Medan dei var borte for å kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet, og døra vart stengd. Ei stund etter kom dei andre brudejentene og sa: ‘Herre, herre, lat opp for oss!’ Men han svara: ‘Sanneleg, eg seier dykk: Eg kjenner dykk ikkje.’ Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen”.
Matteus 25.1-13


Du er invitert!

Han låg for døden, ein stille og beskjeden mann. Han hadde aldri sagt noko om si tru, inntil no. Else, sa han til kona si. Eg er ein kristen, eg trur på Jesus. I dette døydde han, og vi veit at han i dette stod opp til eit nytt liv.

Du er invitert til fest, ein himmelfest. Då Jesus reiste tilbake til himmelen sa han; ”Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg! I huset til Far min er det mange rom. Var det ikkje slik, hadde eg då sagt dykk at eg går og vil gjera klar ein stad til dykk? Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. Og dit eg går, veit de vegen.»Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går; korleis kan vi då vita vegen?» Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg” (Joh. 14.2-3).

Eg og du er invitert til bryllaupsfest i himmelen. Eg treng Jesus, som min frelsar og ven, som min hyrde og rettleiar livet gjennom. Eg treng Jesus fordi han er vegen, sanninga og livet, og eg veit at ingen kjem til Faderen utan gjennom ham.

Teksten frå Matteus fortel oss korleis Jesus kjem att for å hente heim dei som har sagt ja til å tru på han, og den fortel oss kor viktig det er at vi har vedkjent trua på ham, og vil leve vårt liv som hans born.

Vak derfor, seier bibelteksten. Å vake handlar om å vere budd. Vi treng kvarandre for å vere budd. Vi treng det kristne fellesskapet, som å kome samen til gudsteneste. Vi treng Gudsordet, for gjennom det openberrar Gud seg for oss. Vi treng nattverdfellesskapet, for der møter han vår synd med si tilgjeving.

Du er invitert til ein fest. Eg håpar du har takka ja til invitasjonen, sagt ja til Jesus.

Paulus skriv ”For vedkjenner du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjartet ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du bli frelst. Med hjartet trur vi så vi blir rettferdige, og med munnen vedkjenner vi så vi blir frelste” (Rom.10.9-10)

Andakta stod på trykk i avisa Vestlandsnytt 23.11.2012