Kvinna som tente Jesus!

Av: Erhard Hermansen
06/09-2012

”Medan dei var på veg, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta, tok imot han i heimen sin. Ho hadde ei syster som heitte Maria, og Maria sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans. Men Marta hadde det så travelt med alt ho skulle stella til. Og ho gjekk bort til dei og sa: «Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vera tenar åleine? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.» Då svara Herren: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. Men det er eitt som er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne” Lukas 10.38-42


Marta! Eg tenkjer nok først og fremst på dei ved namn Marta i min eigen familie, som farmor. Farmor hadde så mange gode eigenskapar. Ho var gjestmild, gåvmild, god til å oppmuntre, og ho hadde meir enn nok av tid. Farmor vart pensjonist då eg vart fødd og nesten heile mi barne- og ungdomstid budde ho i huset saman med oss.

Farmor hadde og ein anna sterk eigenskap, ho var glad i Jesus. Då eg var i tenåra og skulle ut om kvelden, kunne farmor forsiktig opne døra frå stua for å sei ”Ta Jesus med hvorhen du farer så skal du aldri fare vil” Eg visste kva ho ville seie, men ho fekk sei det likevel.

Farmor var ikkje så ulik den Marta vi møter i dagens bibeltekst.

Vi har nok ofte behandla Marta urettvist. I vår omtale av henne har vi neste berre snakka om den eine gongen ho var så travelt opptatt med å tene Jesus, at ho ikkje hadde tid til ei andaktsstund ved føtene hans.

Bibelens bilde av Marta er meir nyansert enn denne forteljinga, der ho opnar heimen sin for Jesus og hans disiplar og steller så godt for dei. Marta omtalast som gjestfri. Vegen frå Jeriko til Jerusalem tok på dei sprekaste. I løpet av dei tre mila gjennom ørkenlandskapet steig vegen over tusen meter. Du kan tru det var godt å møte ei Marta som opna huset sitt, gav omsorg og mat.

Marta hadde og stor tru på Jesu undermakt. Det viste ho då broren Lasarus døde. Det er Marta som går Jesus i møte, medan Maria er heime og Marta seier ”Herre, hadde du vore her, så hadde ikkje bror min døydd. Men no òg veit eg at alt det du bed Gud om, vil han gje deg” (Joh.11.21-22)

Kanskje liknar du på Marta med ein aktiv og driftig natur. Dei andre kan rekne med deg når det skal tas i eit tak. Du opnar heimen din. Du steller godt for dei som kjem. Du ser dei praktiske behova og gjør noko med dei. Takk Gud for det. Det er ei Guds gåve.

Jesus viste i heile sitt liv at han har omsorg for heile menneske. Kjærleik, omsorg og hjelp gjeld ikkje berre på det åndelege området. Sjølv det å gje sin neste eit glas vatn er det knytt velsigning til.

Samstundes treng vi ein påminnar om å søke kvile hos Jesus, lik Maria som sette sed ved Jesu føter for å høyre hans ord.

Jesus seier ”Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. Men det er eitt som er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og det skal ikkje takast frå henne”.

Der er snart tjue år sidan farmor døde. Då vi rydda leilegheita hennar fann vi små lappar under dukar og i bøker med enkle påminningar til henne sjølv. Det stod til dømes ”Tenk at nåden er nok for meg”. Farmor fann si kvile i Guds nåde. Kvar dag fekk ho minne seg sjølv på hans omsorg og kjærleik for henne. Der farmor fann si kvile, kan og du finne di daglege kvile.

Hugs at sjølv Jesus trengte kvile, ro og stille. Då treng nok vi det med!


Andakten stod på trykk i avisa Vestlandsnytt 7.9.2012