Elsk kvarandre!

Av: Erhard Hermansen
28/04-2012

Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. På det skal alle skjøna at de er mine disiplar: at de har kjærleik til kvarandre.»
Johannes 13.30-35


Moder Theresa

I 2001 var eg på min første tur til USA. Det var like etter 11. September og situasjonen i USA var sterkt prega av hendingane. Etter ei veke i Chicago bar turen til Cincinatti og på ein kyrkjebygning las eg desse orda “Små ting gjort med mykje kjærleik vil endre verda”. Desse orda har fylgt meg sidan.

Kva meiner Jesus at du og eg kan gjera, jo gi mat og drikke til dei som svelt og er tørste, merksemd til dei som er einsame og åleine. Det handlar om å bry seg, om å engasjere seg.

For når små ting vert gjort med mykje kjærleik vil det være med å endre verda!

Moder Theresa gjekk dag ut og dag inn i Indias slum på veg til sitt arbeid. Ein dag var det nok. Ho kunne ikkje sjå på at så mange leid og hadde det vondt. Ho måtte gjere noko, og hennar iver for dei svake og små i Indias slum har vore eit førebilde for enkeltmenneske og samfunn verda over. Moder Theresa sa ”Det er ikkje det du gjer, men kor mykje kjærleik du legg i det, som betyr noko”.

Då Moder Theresa fekk Nobels Fredspris i 1979 kom det ikkje som nokon bombe då ho gav Nobelkomiteen melding om å avlyse den offisielle festmiddagen til hennar ære. Moder Theresa ville heller at pengane skulle gå til å betre dei fattiges situasjon. Den avlyste festmiddagen vart til mat for 15000 menneske.

Prisen som var på 190 000 dollar skulle øyremerkas bustader for dei som ikkje hadde noko sted å bu og mat til dei som ikkje eingong hadde ei skål ris for å mette det daglege behovet.

Den lille, men så utroleg sterke nonna utstrålte ei kraft som var med på å skape ein betre verden for tusenvis av menneske.

“Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre”, seier Jesus. Du er uendeleg verdifull for Jesus. Han elskar deg, og har lova deg sitt nærvær og si kraft, og han kallar deg til å gje denne kjærleiken vidare til dei du møter.

Paulus understrekar i 1. Kor. 13 at kjærleiken er størst. Den kjærleiken som gjør at vi ikkje kan sitte stille og passive når nokon treng oss. Vi må handle!

Andakt i Vestlandsnytt 27.4.2012