Suksessfull turne med Herøy Gospelkor

Av: Jørgen Kopperstad
28/05-2009

Onsdag kveld starta Herøy Gospelkor sin mini-turne med opptreden i Herøy Frikyrkje. Fredag song dei på Emblem Bedehus og Laurdag i Sula Frikyrkje. (Av: Jørgen Kopperstad, Herøynytt)


Herøy Gospelkor under konserten i Herøy Frikyrkje

Ungdom liker gospel
Koret kan fortelje at dei vart godt mottekne på konsertane sine. Ein stor del av publikum bestod av ungdommar, men det var og mange vaksne som kom for å høyre på Herøykoret . Herøy Gospelkor, som starta opp sist haust, syng variert musikk, både roleg og litt meir rocka låter. Noko av det dei framfører, har leiarane i koret laga sjølv. Synnøve og Vegard Voldsund har tidlegare dirigert kor i Bergens-området, og i haust kom dei til Herøy og danna Herøy Gospelkor som har øvingslokale i Herøy Frikyrkje.


Vegard og Synnøve Voldsund er musikalske leiarar i Herøy Gospelkor

Plateinnspeling
Det ferske gospelkoret er allereie godt i gang med plateinnspeling, og plata kjem ut til hausten. Dei 8 songane på plata passar alle aldrar, om ein liker gospel. På turnéen framførte koret litt musikk frå plata, men også nyare musikk som dei ikkje har framført før.

Eige band
Med eigne musikarar og lydteknikar, blir koret mykje meir etablert. Det vert med ein gong lettare å halde konsert, når ein slepp å leige utstyr, seier Vegard. Bandet består av piano, tromme, bass og gitar.

Blide ungdommar
Denne turneen var avslutninga for koret denne sesongen. Overnatting på Blindheim Bedehus vart ei kjekk oppleving for ungdommane, og turnelivet har gitt meirsmak. Til hausten startar dei opp igjen med nye planer. Mellom anna står ein tur til Bergen på ønskjelista. Synnøve og Vegard Voldsund, seier at dei liker å dirigere Herøy Gospelkor. Ungdommane i koret er heilt utrulege, med slike positive songarar er oppgåva lett. Vi har lagt ned mykje arbeid for å få til dette, men det er heilt tydeleg at det er verdt det.


Ein glad og takknemleg pastor Erhard Hermansen takkar Synnøve Voldsund for ein inspirerande konsert.

Det er lenge sidan ungdomskoret Ytre Herøy Ungdomskor vart lagt ned. Det hadde si glanstid på 80-talet, og mange er begeistra for oppstarten av det nye gospelkoret. Korleiinga framhevar at det ikkje berre er eit ungdomskor, men eit kor for alle gospelglade songarar.