17. mai fest i Herøy Frikyrkje

Av: Administrator
09/05-2009

Med 17. mai følger også fest i Frikyrkja. Vi har fått ei ung engasjert dame til festtalar. Camilla Storøy Hermansen er småbarnsmor, lærar og politikar, innvalgt i kommunestyre og fylkesting.


Camilla Storøy Hermansen

Etter å ha høyrt Sebastian Frøystad på julefesten, kom det sterke ynskje om at vi måtte prøve å få han igjen for å spele til oss på 17. mai. Vi fikk heldigvis ja! Om det vert på fiolin eller flygel er opp til han, så vi får vente og sjå. Som om ikkje dette var bra, så er det slik at to Fosnavågarar har kome med ny CD. Fred Frantzen og Bjørn Prytz vil kome og synge og spele, vi veit at dei har mange tilhengarar. Ester Stephan vil lese dikt og det vert konkurranse. Vi skal ha god allsang og god mat - varm mat, kake og kaffi. Vi gled oss til festen og håper De vil kome å vere ilag med oss. Alle er hjarteleg velkomne.