Lisje-Frik, Baluba og Tutti Frutti

Av: Administrator
03/05-2009

Herøy Frikyrkje har to barnekor; Lisje-Frik og Baluba. Dei samlar eit stort antall barn. No har dei og starta dramagruppa "Tutti Frutti" for dei eldste. Cecilie Leinebø Ørstavik som er leiar for Tutti Frutti seier følgjande om arbeidet deira;


Lisje-Frik

Vi nærmar oss no slutten av eit veldig innhaldsrikt og kjekt semester for Lisje Frik, Baluba og Tutti Frutti. Annankvar onsdag møtes vi fortsatt av sprudlande ungar som er meir enn klar til å synge og ha det kjekt saman med venner i kyrkja vår. Dei frå 0-6 år går på Lisje Frik og fra 6 år og oppover i Baluba. For dei eldste i Baluba har vi i år eit prøveprosjekt, Tutti Frutti, der vi blant anna pyntar til gudstjenester, øver på dramastykker og lager dukketeater.

Det har til no vore godt oppmøte på alle gruppene og det gleder vi oss over. Det er kjekt når vi ser at det er behov for det vi brenn for! Det gleder oss også at det er fleire som brenn for denne gjengen, og det er med stor glede vi har hatt fleire kjekke andaktshaldarar innom i løpet av dette semesteret. Borna høyrer godt etter og kjem ofte med både spørsmål og kommentarar til den som er på besøk.

Vi har eit godt ledarskap i desse gruppene, som arbeider godt saman med både planlegging og utføring av prosjekt og øvingar. I år har vi hatt ansvar for ei familiegudsteneste med tema "du er unik" der mellom andre Tutti Frutti hadde eit lite dramastykke om det å føle seg annleis, men fullstendig elska av Gud fordi du er den du er!

Vi synes det er både kjekt og viktig å bruke forskjellige virkemiddel for å få fram Guds budskap, og tilbakemeldingane seier at dei fleste set pris på denne måten å drive kyrkje på. Vi vil framover fortsette med dette lavterskeltilbudet der vi syng for Jesus og snakkar mykje om og med Han.

Vi går no mot avslutning av semesteret, men har fortsatt litt igjen på tapeten.13 mai er vi med på ein konsert kulturskulen arrangerer i Frikyrkja, onsdag 27 mai har vi felles avslutning, men håpar likevel at monge vil stille opp på barnegospeltreff med jentegruppa SEVEN 20-21 juni.

Vi tek etter dette ein god sommarfeire og etter litt evaluering av året som gjekk gjer vi oss klar til året som kjem med nytt friskt mot og enda fleire gode idear!