Stort gospeltreff for dei yngste

Av: Administrator
24/04-2009

Laurdagen under den maritime sommarfestivalen slår Herøy kyrkje og Frikyrkja til med stort gospeltreff for dei yngste med jentegruppa "Seven" som spesielle gjester. (tekst/foto: Stein Lilleøy, Vestlandsnytt)


- Det starta med at festivalleiinga utfordra oss til å arrangere ei felles familiegudsteneste i Fosnavåg søndag, og det skal vi. Men så tenkte vi at det kanskje gjekk an å gjere enno meir ut av det, fortel pastor Erhard Hermansen.

Og meir har det vorte. Laurdagen byd Kyrkja og Frikyrkja alle barn frå 5-årsalderen og oppover til stort barnegospeltreff i Fosnavåg.

- Vi har sendt ut invitasjon til søndagsskulane og barnekora rundt om kring i kommunen, men arrangementet er ope for alle barn og vi håper at mange melder seg på. Alle som deltek får med seg ei spennande t-skjorte som minne frå det vi trur vil verte ei flott oppleving seier Hermansen.
Frikyrkjepastoren og sokneprest Knut Magne Dalsbø planlegg samlinga, men har henta inn solid hjelp utanfrå. Spesielle gjester vert jentegruppa "Seven", som har fleire plateutgjevingar bak seg og som skriv songar som ei rekkje barnekor kjenner og bruker.

Laurdagen vert nytta til å setje saman eit stort barnegospelkor som øver inn nokre songar ilag med "Seven". Så etter matpausen og diverse førebuingar vert dagen avrunda med stor konsert der både "Seven" og det samansette barnegospelkoret skal i elden.
Søndag samlar små og store seg igjen når kyrkjene byd inn til stor familiegudsteneste på Allmenningen, som ei flott avslutning på søndagskuleåret.

Drivne artistar
"Seven"-jentene feirar i år sitt 5-årsjubileum. Dei har reist rundt i Norge i over to år med song, dans og interaktive konsertar. I haust reiste "Seven" på konsertturné med sitt fjerde album, "Bare Herlig". Albumet inneheld eit utval nyskrivne låter - der jentene har vore med på å bestemme kva det skal syngast om. Her handlar det om livet med Gud og livet med kvarandre. Jentene syng om venskap, forelsking, gleder og sorger. Dei syng også lovsongar og gjenfortel historier frå Bibelen i musikalsk form.

Nokre av jentene er også aktive på andre songarenaer. "Seven"-jenta Lotta, hadde i fjor hovudrolla som Annie i Oslo. Ane spelte Annie i desember og Heidi har ei av barnehovudrollene i " Sound of Music" saman med Maria Aredondo og Bjørn Skagefoss. Fleire av jentene har også gjeve ut eigne plater.

Vil ha med alle
Det er viktig for "Seven" å synge saman med barna der dei kjem. Det er aller best når alle kan få lov til å vere med på scena og synge, danse og ha det gøy, meiner dei. Musikkinstruktør og leiar i "Seven" Melinda E. Løver er med på å førebu alle til konserten laurdag og storfamiliegudstenesta søndag.