Barnegospeltreff, SEVEN konsert og Storfamiliegudsteneste under Maritime Sommardagar i Herøy!

Av: Administrator
26/03-2009

I år har arrangørane bak Maritime Sommardagar utfordra Herøy Frikyrkje og Den norske Kyrkje i Herøy på å skipe ei storfamiliegudsteneste under dei Maritime Sommardagane. Pastor Erhard Hermansen og sokneprest Knut Magne Dalsbø planlegg samlinga, men har henta inn solid hjelp utanfrå.


SEVEN

Den kjende jentegruppa SEVEN som har bak seg fleire plateutgjevingar og som skriv songar ei rekkje barnekor kjenner og brukar, vert med. I tillegg vert eit stort barnegospelkor som dagen før har delteke på Barnegospeltreff med. Alle søndagsskulane og barnekora i Herøy har fått eigen invitasjon og arrangørane trur dette vert ei flott avslutning på barnekor- og søndagsskulehalvåret.

Under storfamiliegudstenesta vert det eige husorkester.

Barnegospeltreff og konsert med SEVEN - jentene!
Laurdag vert det Barnegospeltreff i Frikyrkja der SEVEN-jentene og Melinda Løver som er musikalsk leiar i SEVEN skal øve inn nokre songar. Alle som har lyst til å synge i eit stort barnegospelkor saman med SEVEN er velkomne til å melde seg på barnegospeltreffet. Barnegospeltreffet vert avslutta med storkonsert med SEVEN-jentene.

Kven er SEVEN?
SEVEN-jentene feirer i år sitt 5 års jubileum. Dei har reist rundt i Noreg i over 2 år - med song, dans og interaktive konsertar. I haust reiste SEVEN-jentene på konsertturne med sitt 4.album med tittelen "BARE HERLIG". Albumet dekker eit utval nyskrevne låter - der jentene har vore med på å bestemme kva det skal synges om. Her handlar det om livet med Gud og livet med kvarandre. Jentene syng om vennskap, forelskelse, gleder og sorger. Dei syng og lovsongar og gjenfortel historier frå Bibelen i musikalsk form.
SEVEN har dei siste åra solgt nærare 25.000 album, ligget på norsktoppen og held omlag 50 konsertar i året - og dei 7 jentene på 9 - 12 år kan forsikre at dei elskar å reise rundt på lange turar og dei synes det er topp å stå på ei scene! Avisa VÅRT LAND gav jentene terningkast "seven" på deira siste album - og synes det er tøft at ein kan kombinere det moderneog proffe musikkbildet med eit himmelvendt bodskap!

Ein del av jentene er også aktive på andre songarenaer. Seven-jenta Lotta, hadde i fjor hovedrolla som ANNIE i Oslo. Ane spelte ANNIE i desember og Heidi har ei av barnehovedrollene i SOUND OF MUSIC saman med Maria Aredondo og Bjørn Skagefoss. Fleire av jentene har også eigne albumutgivelsar.

Seven-jentene er blitt kalt for "Norges travleste misjonærer" med sin aktive kalendar, og dei har i alle 5 år hatt det samme mottoet; "å fortelle om en Gud som sier JA til alt som er bra!" Jentene i SEVEN kommer fra forskjellige kristne kyrkjelyder - og synes det er gøy å fortelle om det dei trur på!

Det er viktig for SEVEN å synge SAMAN med borna der dei kjem. Det er aller best når alle kan få lov til å vere med på scena og synge, danse og ha det gøy. Difor vil SEVEN-jentene vere ein aktiv medspelar under Barnegospeltreffet laurdag. Musikkinstruktør og leiar i SEVEN Melinda E. Løver er med på å forberede alle til konserten og storfamiliegudstenesta.


Melinda Løver

Vi håper DU vil komme og bli med!

Barnegospeltreff, SEVEN konsert og Storfamiliegudsteneste under Maritime Sommardager!

Laurdag 20. juni 2009
kl.14.30 Barnegospeltreff i Herøy Frikyrkje

Songgruppa SEVEN og musikalsk leiar Melinda Løver vert med og alle born er velkomen til å delta
- alle som er med får spennande T-shirt og gratis inngang til konserten med SEVEN
(Barnegospekoret syng på konserten) og er med og syng på Storfamiliegudstenesta søndag.
- påmelding til post@frikyrkja.net (telefon: 70087800)
kl.15.30 Mat
kl.16.00 Lydsjekk
Kort pause
kl.17.00 Konsert med SEVEN og Barnegospelkoret
Gratis for deltakarane på Barnegospeltreffet
(Barnegospelkoret deltek under konserten). For andre kr. 50.-

Søndag 21. juni 2009
kl.11.00 Storfamiliegudsteneste på Allmenningskaia

Jentegruppa SEVEN, stort barnegospelkor,
pastor Erhard Hermansen, sokneprest Knut Magne Dalsbø, band, kyrkjekaffi