En gledens dag i Herøy Frikyrkje!

Av: Administrator
19/03-2009

Søndag vart Erhard Hermansen offisielt innsett som pastor i Frikyrkja, for andre gong. Etter 7 år takka han for seg i 2005 og har sidan den gong fått verdifull erfaring frå andre samanhengar som han no tar med seg inn i tenesta.


En gledens dag i Herøy Frikyrkje: Tilsynsmann Leif Erik Nilsen, Barne- og ungdomspastor Geir M. Lande, pastor Erhard Hermansen og eldste Jon Peter Frøystad gleder seg over et flott kakebord etter gudstjenesten.(Foto: Trond Espeseth)

"Vi har ei historie, og den skal vi alltid søke å lære av," sa barne- og ungdomspastor Geir M. Lande i si helsing, "men med Erhard på plass igjen kan vi også verkeleg sjå framover som kyrkjelyd!"

Innsetjinga vart leia av tilsynsmann Leif Erik Nilsen frå Bergen Frikyrkje.
Og under den gode sunnmørske kyrkjekaffien fekk Erhard og kyrkjelyden helsingar frå fleire andre frikyrkjer på Sunnmøre, andre kyrkjesamfunn og Den norske kyrkja i Herøy.

Med satsing på kreativt ungdomsarbeid, inspirerande gudstenester for alle og nytt kyrkjebygg er det nok å ta tak i, og den nye pastoren er alt varm i skjorta etter litt over ein månad i arbeid.

En gledens dag i Herøy Frikyrkje
En gledens dag i Herøy Frikyrkje: Flere inviterte pastorer og eldste bar fram hilsener. Pastor Arvid G. Larsen fra Sion Gurskøy overrakte en gledens blomsterhilsen hvor hver blomst symboliserte noe. (Foto: Trond Espeseth)


En gledens dag i Herøy Frikyrkje
Pastor Erhard Hermansen gir tilsynsmann Leif Erik Nilsen hånda som tegn på avgitte løfter under innsettelsen.(Foto: Trond Espeseth)


En gledens dag i Herøy Frikyrkje
Store og små gledet seg sammen. Pastor Erhard Hermansen var med å lede barna i sang.(Foto: Trond Espeseth)