Tilbake som frikyrkje-pastor

Av: Administrator
17/02-2009

Erhard Hermansen er tilbake som pastor i Herøy Frikyrkje etter snart fire år. No gler han seg til å vidareutvikle menigheita ilag med staben sin (tekst/foto: Stein Lilleøy, Vestlandsnytt).


F.v. barne- og ungdomspastor Geir M. Lande, pastor Erhard Hermansen og ettåring Cecilie Leinebø Ørstavik

Hausten 2005 tok Erhard Hermansen permisjon frå Herøy Frikyrkje, og året etter gjekk han formelt ut av stillinga som hovudpastor. I løpet av dei fire åra som har gått har han vore innom frikyrkja i Sula, Bourbon Offshore og no sist som kontaktlærar ved Frøystad skule. Den jobben vil han stå i ut skuleåret, og det betyr at han ikkje er tilbake for fullt som hovudpastor i Herøy Frikyrkje før i august.

"Vi køyrer ein overlapp dette fyrste halvåret, med Erhard i ei 50 prosent stilling", forklarar barne- og ungdomspastor Geir M. Lande, som har fungert som hovudpastor dei siste åra.

Ville ha Hermansen tilbake
"Fleire menigheiter slit med å skaffe erstattarar når pastorar går ut av stillingane sine, og Herøy Frikyrkje er ikkje noko unntak. Difor vart det på initiativ frå nokre av familiane i menigheita sett i gang ein prosess med tanke på å få Erhard tilbake, noko han i utgangspunktet stilte seg villig til", forklarar Lande.

Etter ein lengre periode med førebuingar og forhandlingar vart Erhard Hermansen tilsett som pastor i Herøy Frikyrkje frå 6. februar. Allereie søndagen etter foretok han sin fyrste dåp på ei stund, og 22. februar har han si fyrste ordinære gudsteneste etter gjenkomsten. "Eg er veldig spent og kjenner det godt i magen. Men det er ei god spenning; eg gler meg verkeleg", smiler han.

Godt av eit sveip utanfor
Erhard er overtydd om at erfaringane som pastor var nyttige å ha med i jobbane han har hatt dei siste åra, ikkje minst i samband med den tragiske Bourbon Dophin-ulukka i april 2007. "Men eg trur også at erfaringane som desse jobbane har gitt meg er verdfulle å ha med tilbake til gjerninga som pastor. Faktisk trur eg at alle innanfor kyrkja kunne hatt godt av eit slikt sveip utanfor for å skaffe seg kunnskap om det "sivile" liv", seier han.

Herøy Frikyrkje har opplevd nedgang både i medlemstal og aktivitetsnivå dei siste åra. "Vi har vore inne i ein lågkonjunktur, noko alle menigheiter opplever i periodar. For å endre på det har vi starta ein prosess der vi oppdaterer oss på alle område. Folk sine forventingar og behov knytt til kyrkjelivet endrar seg, og den utviklinga må vi følgje med og tilpasse oss. Det siste halvåret har vi jobba med å gjere gudstenestene meir attraktive, og det har betalt seg i form av betre besøkstal. Det viktigaste er å få med barnefamiliane, om ei menigheit skal ha ei framtid", seier Geir M. Lande og haustar anerkjennande nikk frå pastor Erhard Hermansen. "Det er tydeleg at det vert jobba mykje med desse tinga, og eg ser fram til å ta del i den vidare utviklinga av Herøy Frikyrkje", seier Hermansen.

Byggjer ut
I 2003 vedtok menigheitsmøtet i Herøy Frikyrkje å byggje ut kyrkjebygget. Snart 6 år seinare er planane i aller høgste grad levande, men i ei endra form. "Vi har vore gjennom ein prosess der vi har vurdert kor mykje areale vi eigentleg treng, og det har resultert i ei satsing på eit meir fornuftig og tenleg plan. Dei reviderte planane er også meir venlege i høve naboane, samstundes som dei ivaretek dei viktigaste behova våre", seier Lande og Hermansen. Planane legg opp til ei utbygging heller enn eit reint nybygg, der det mellom anna vert laga plass til frikyrkjekontoret, som pr. i dag leiger lokale eksternt i Fosnavåg.

Utvidinga av kyrkja er nødvendig, men det viktigaste er det som skjer på det menneskelege planet, meiner Geir. M. Lande og Erhard Hermansen. "Det viktigaste er å drive relasjonsarbeid med fokus på å skape nærleik til kvarandre, nesten vår og til Gud", seier dei

Den formelle innsettinga av pastoren skjer søndag 15. Mars.