Utsendingsgudsteneste

Av: Administrator
15/08-2019

Fyrstkomande søndag er det fellesgudsteneste i Herøy Frikyrkje.
Vi er så heldige å få sende ut misjonærane våre, Cecilie og Stephen Thomas, til Madagaskar i september. Saman skal vi få be for dei og dotter deira, Charlotte.


Cecilie og Stephen Thomas med vesle Charlotte

Vi får besøk av Agnes Lid, dagleg leiar i Wycliffe Norge. Ho vil tale om det å 'så' Guds Ord på ein måte som gjer at folk forstår, så Ordet kan bere frukt.
Wycliffe er organisasjonen misjonærane våre reiser ut ifrå. Dei jobbar for at alle skal få Bibelen på sitt eige morsmål. Agnes kjem også til å snakke litt om Wycliffe, visjonen om bibeloversetting og menigheita si rolle i å sende ut, støtte og be.

Alt som kjem inn i kollekt denne dagen, går til arbeidet til Cecilie og Stephen.

Det blir solosong av Even Sævik, og etter gudstenesta er det utvida Kirkekaffi med både den gassiske nasjonalretten og kaffi og kaker. Ta gjerne middagen her med oss! Alt overskot går til misjonærane.

Hjarteleg velkomne!