GRØNT LYS - 16. MAI

Av: Administrator
05/05-2018

Vi varmar i år opp til nasjonaldagen med «Grønt Lys» ved Herøy kulturhus og Herøy kyrkje frå kl 18.00 til kl 24.00.


VOLLEYBALL

Vi startar med ei uhøgtidleg volleyball-turnering på sandvolleybana ved Herøy kulturhus kl 18.00. Her utfordrar vi alle glade volleyballamatørar og -proffar til å slå seg i lag og teste volleyballferdigheitene, - det viktigaste er absolutt å delta - og til slutt skal det kårast eit vinnarlag...

MELD PÅ eit lag på krikheroy@gmail.com. Alle lag må ha minimum 4 spelarar. Påmeldingsfrist er mandag 14.5.

FESTEN HELD FRAM

Frå kl. 20.00 held vi fram i kyrkjekjellaren i Herøy kyrkje med vannballong-volleyball, biljard, bordtennisturnering, kahoot og andakt ved pastor Erhard Hermansen. Det vert kiosk og sal av grillmat.

PREMIAR

Alle deltakarar er med i trekninga av 2 gåvekort på 500 kr, sponsa av Sparebanken Møre.

Aldersgrense: 8. klasse og oppover.

Grønt lys er eit samarbeid mellom Herøy Frikyrkje, Herøy kyrkje og KRIK Herøy.