Er du senior i Herøy?

Av: Administrator
20/06-2017

Sist veke møttest repersentantar frå Herøy Kyrkje, Herøy Frikyrkje, Livsglede for eldre, Ytre Herøy pensjonistlag og Frivilligsentralen for ein prat om kva som finnast av møteplasser for seniorar i Herøy.
(Av Britt Paulsen, Frivilligsentralen)


Vi har fleire gode tilbod og desse må vi nytte oss av. Under møtet kom det fram at vi har mange møteplasser, det gjeld berre å nytte seg av dei. 

Pensjonistlaga både i ytre- og indre Herøy, med Terje og Solfrid i spissen, er aktive og har faste møter ein gong i månaden, samt busstur på våren. Herøy Frikyrkje arrangerer månadleg det såkalla «vi over 60» treffet, Herøy Kyrkje har busstur og eldrefest og elles ad hock treff i løpet av året, no sist i samarbeid med Livsglede for eldre frå Herøy Vidaregåande skule. Eldrerådet i Herøy arrangerer kvar haust eldrefest, også med god hjelp frå Herøy Vidaregåande skule. Velforeningane på sjukeheimane, grendelag, sanitetskvinnene, frivilligsentralen,  LHL og senioruniversitetet har også fleire tilbod som ein kan nytte seg av dersom ein har lyst til å treffe andre eller å vere med å hjelpe til når ein har mulegheit.

Kanskje er ein del av dei for lite kjent slik at vi har ei oppgåve her å drive felles «reklame» for dei møta som finst.

Det gjeld også å få aktivisert «unge eldre» til å interessere seg for frivillig eldrearbeid. Kanskje har vi ein «einsam» nabo som vi kan hugse på når vi vil delta på ein aktivitet.

Det var semje mellom alle som møtte at her finnast mange gode tilbod i Herøy, og at vi ynskjer å samarbeide framfor å konkurrere om desse. Sidan fleire og fleire seniorar også nyttar seg av facebook, har vi no i samarbeid oppretta ei side, «Senior i Herøy», der vi vil i tillegg til lokalavis, kulturkalender,  plakatar, heimesider og jungeltelegraf, prøve å få ut informasjonen til flest muleg.

Det går no i mot sommarferie for dei fleste av desse faste møteplassane, men plutselig er sommaren over og vi er klare til ein sosial og kjekk haust med mykje aktivitet.

Velkomne alle!