STORDUGNAD 2017 – UTVENDIG VASK OG MALING

Av: Administrator
09/06-2017

Etter pinse starter vi vårens stordugnad. Om vi får godt oppmøte og lagleg ver så bør vi kome i mål i løpet av to veker.


Vi starter tirsdag første veka med stålbørsting av laus maling på murkantane (ta med stålbørste). Det må også fjernast laus maling på tårnet, her reknar vi med åleige lift. Når dette er gjort skal kyrkja vaskast utvendig; med kraftvask der det skal malast og med husvask elles.
Alle utvendige murkantar og tårnet skal malast. Det er også muleg at andre flater skal malast, det ser vi etterkvart.
Vi legg opp til dugnad på ettermiddagstid kvardagane (kl 17:00), og på dagtid laurdag (kl 10:00) kvar dag fram til og med laurdag 17. juni. Det er sjølvsagt ope for å møte andre tider for den som har høve til det.
Det var nokre som stilte opp og gjorde ein stor innsats i kjellaren. No håper vi at de andre også vil stille opp. Det er lov å skrive seg opp fleire dagar. Lista ligg på kyrkjetorget, eller du kan ta kontakt med May på kontoret: may.irene.myren@frikyrkja.no eller tlf 414 32 987.
Om det er mange som møter får vi gjort meir, og det vert mindre på den enkelte. Om du har anledning til litt eller mye: Bli med!