fx HERØY

Av: Administrator
28/02-2017

Laurdag 4.mars kl.20.00 opnar det nyoppussa ungdomslokalet i frikyrkjekjellaren og det blir ein pangstart for nysatsinga fx HERØY! Vi skal ha ein skikkeleg fest med musikk og diverse aktivitetar. Even Sævik skal syngje, vi får høyre musikk av fx HERØY - bandet og DJ B! Vi speler biljard og foosball, og nyter god mat og drikke. Så skal vi storkose oss til langt på natt. :) Velkomne!


Om du kjenner ungdom her omkring så spre ryktet og oppmuntre dei til å ta turen til nysatsinga fx HERØY!

Benni Wiencke, fx HERØY.