YES!
Vi er tenåringsforeldre!

Av: Administrator
15/02-2017

Med årets foreldresamling vil vi sette fokus på det å vere tenåringsforeldre med dei utfordringar og gleder som høyrer med. Vidare ser vi på korleis vi kan engasjere oss og jobbe på lag med ungdommen i forhold til tru og trusspørsmål. Vi skal også sjå på foreldrerolla sine utfordringar i vår gjennom-demokratiserte tid.


Den første kurskvelden ønsker vi å skape ein god arena for å snakke om gleder og utfordringar som vi står i i kvardagen. Korleis kan vi som kyrkje vere ein ressurs inn i dykkar kvardag? Torill Myren vil ha sitt skråblikk på denne tilværelsen. Erhard Hermansen og Thea Frøystad vil også bidra.

Den andre kvelden har vi invitert Lidvar Nygjerde. Han har vore folkehøgskulelærar på Høgtun i mange år og driv i dag firmaet Kunnskapsreise. Han vil dele av sine erfaringar både som far og lærar. Tema for kvelden er "Foreldrerollen i ei ny tid - oppdragelse og inndragelse".


Tid:

  • Mandag 06. mars kl. 20.00 og
  • Mandag 27. mars kl. 20.00

Stad:

  • Dei nye ungdomslokala i frikyrkjekjellaren. Samlinga er gratis og det blir heldigvis servering :)

Påmelding til: