IMPULS

Av: Administrator
01/02-2017

No er det snart tid for eit av årets desiderte høgdepunkt for ungdommane: IMPULS går av stabelen den første helga i februar! Då reiser hundrevis av ungdom til Trondheim for å prise Gud og høyre om Han og Hans ord. Vi blir med i år også slik vi har vore i fleire år.


Vi reiser fredagsmorgon den 3.februar klokka 08:00, og planlagd heimkomst er ca. 22:00 på søndagskveld den 5.februar.

Vi har nokre ledige plassar i bussen og vi vil derfor oppmuntre dei som ikkje he meldt seg på IMPULS til å gjere det. Det blir kanonbra!

Om du kjenner til ein ungdom så kan du tipse og oppmuntre han/hun til å ta turen med oss.

Vi gler oss veldig og håper at fleire vil bli med oss!

Meir informasjon kan du få av ungdomsarbeider Benni Wiencke på e-post benni.wiencke@frikyrkja.no eller på tlf. 48474640