Eit kapittel over – eit nytt i vente

Av: Administrator
28/11-2016

I august 2003 vart Geir M. Lande tilsett som barne- og ungdomspastor i Herøy Frikyrkje.  I ei periode fungerte han som hovudpastor før han dei seinare åra var ungdomspastor. I sommar sa han opp stillinga si og i løpet av 13 år har han fått leie eit stort og viktig barne- og ungdomsarbeid. Herøy Frikyrkje er takknemleg for alle åra Geir har vore tilsett i kyrkjelyden og søndag 20. november vart Geir takka for alt arbeidet han har lagt ned for barn, unge, vaksne og eldre.


Hovudpastor Erhard Hermansen og Julie Storøy takka Geir M. Lande for den store innsatsen han har lagt ned i kyrkjelyden som pastor.

Tretten år som barne- og ungdomspastor er lang tid i same kyrkje. Kva tankar sit Geir igjen med etter desse åra? Kva hugsar han best, og kva har vore det beste?

Kva var den viktigaste grunnen til at du takka ja til kall frå Herøy Frikyrkje?

- Det er vanskeleg å berre oppgje ei grunn, fordi det var mange grunner som var med å stadfeste kvarandre. Eg hugsar ein samtale med pastor Erhard i 2002 om eg kunne vurdere ungdomspastor-stillinga. Den tente noko i meg. Tidlegare hadde eg nemleg fått det for meg at eg skulle få min første pastorjobb eit sted med mange øyar med fjelltoppar på. Med kone frå Fosnavåg og eit ønske om å arbeide i Frikyrka sia 17-års alderen vart det til saman veldig klart for meg at eg skulle svare ja.

Kva hugsar du best frå den første tida i Herøy?

- Igjen er det vanskeleg. Det er mange sterke minne. Men her skal eg trekke fram det som tydde mest for meg. Det er nemlig dei jentene som utgjorde styret i ungdomsgruppa. Eg viste lite om kva eg skulle gjere eller forvente som ungdomspastor. Ungdomsgruppa var lita og eg gjekk inn i eksisterande modell for å vere med å bygge vidare. Utan desse jentene kunne eg fort ha mista motet i forsøket. Spesielt vil eg trekke fram Elina Goksøyr (Leine) og Cecilie Leinebø (Thomas). Ingen kan byggje godt ungdomsarbeid utan ungdom som er "heil ved", slik som desse jentene.

Kva har gitt deg mest glede i arbeidet?

- Det er lett å svare på. Det å bli kjent med barn og unge gjennom alt arbeidet, og få sjå dei vekse opp. Det er den største gleda i ein slik jobb, å få peike på
Jesus og slå følgje med barn og ungdom i dei mest formande åra av deira liv.

Andre ting du ønsker å trekke fram?

- Vi er ein passe stor og ein passe liten menighet. Vi er passe vellykka og mislykka på ein gong. Vi er ein heilt normal menighet med helt normale menneske. Det er to ting som er og blir ein bærebjelke i livet mitt. Først og fremst blir Guds nåde større, sterkare og viktigare dag for dag. Gjennom alle nedturar, oppturar og grå kvardagar veks nåden fram som den bærande konstruksjon og kraft i livet. Og midt i alt dette sett eg meir og meir pris på alle relasjonane som veks fram i ein slik jobb. Frå eldsterådet og andre råd til den enkelte medlem frå 0 til 100 år. Ein blir ikkje like godt kjent med alle og rekkjer ikkje å bruke tid saman med alle ein ønsker. Men gjennom årenes løp har det blitt til mange gode vennskap og tenestefellesskap som gjer at eg med handa på hjartet kan sei at eg har ei familie i Herøy Frikyrkje, min åndelige heim. Og det er heilt uavhengig av at eg har hatt eit arbeidsforhold eller ikkje. Eg har bare vore ekstra heldig sia eg har fått tid til å bli kjent med så mange.

Etter tretten år i stillinga har du valt å seie opp, kva er grunnen til det?

- Eg ønska ikkje å seie opp. Riktig nok har eg aldri tenkt at eg skulle bli så lenge som 13 år i denne jobben. Men etterkvart hadde eg sett for meg fleire år enn det nå vart. Kort fortald har eg fleire sjukdomsplager eg ikkje blir kvitt og sidan eg ikkje tok meg tida til å ta omsyn til det vart kroppen meir og meir sliten. Etter eitt år med sjukmelding gjekk det opp for meg at eg aldri kan bli betre om eg ikkje tek nokre avgjerande val. Å seie opp jobben vart eit slikt viktig val og eg kjenner at det var rett. Difor er eg glad for å kjenne på ein fred og glede over å være eit heilt vanleg familiemedlem i Herøy Frikyrkje, det er godt for meg og familien å vere her slik nå, avsluttar Geir.

I si helsing til Geir trakk hovudpastor Erhard Hermansen fram ein utsegn som vart sagt på kyrkjelydsmøte då kall av Geir vart behandla I 2003. “Det vil vere eit scoop om vi får Geir hit”, og det fekk vi, understreka Erhard Hermansen vidare i si helsing. Saman med Julie Storøy som var første barnet Geir døypte takka dei Geir på vegne av kyrkjelyden.

- I dag takkar vi deg for alt arbeidet du har lagt ned for barn, unge, vaksne og eldre. Du er den pastoren med lengst samanhengande fartstid i Herøy Frikyrkje, og du er den medarbeidaren eg har fått arbeid lengst saman med. Vi har ledd saman, grått saman og irritert oss saman. Det har vore eit ope og ærleg kollegafellesskap, understreka Erhard Hermansen.