Fristande frikveld i Frikyrkja
laurdag 1. oktober kl.19.00

Av: Administrator
19/09-2016

Herøy Frikyrkje inviterer til nok ein god og kjekk frikveld med “havets festbord” og eit variert program med mellom anna song av Nærø Vokal, standup med Tore Hjalmar Sævik og tale ved pastor Erhard Hermansen


Nærø Vokal

Det er tredje gangen det vert arrangert ein slik samling. Begge gongene har det vore fullt rundt borda på kyrkjetorget og svært god stemning.

Sist serverte vi treretters middag, denne gongen vert det “Havets festbord”. I tillegg til maten vert det også servert song frå Nærø Vokal som dei seinare åra vorte kjende på heile Ytre Søre som ei god song- og musikkgruppe. Tore Hjalmar Sævik er busett i Bergen, men kjem frå Remøya. Han jobber til dagleg som journalist i avisa Dagen, men er også kjend for sine standup show. Pastor Erhard Hermansen held andakta og Oddveig F. Sævik leier frikvelden.

Overskotet frå kvelden går også denne gongen til Frikyrkja sitt misjonsprosjekt i Japan

Billetter vert selde i Frikyrkja og på A. Sævik

Pris for kvelden er 400 kroner per person.