Feira Bibelen med festival

Av: Administrator
14/09-2016

Tekst: Anne-Mari Tomasgard, Sunnmørsposten

I løpet av 78 timar blei Bibelen lesen frå perm til perm under Bibelfestivalen i Fosnavåg. Over 50 deltok i lesinga og mange nytta sjansen til å lytte.


– Dette har vore ei utruleg spennande veke, oppsummerer Erhard Hermansen, pastor i Herøy Frikyrkje og initiativtakar til Bibelfestivalen i Herøy.

Bibellesinga i Fosnavåg var ein paraply over heile festivalen, der det var nær 20 ulike arrangement - frå filmframvisingar, til gudsteneste, Bibelquiz, lovsongkveld og Bibelfest for barn, for å nemne noko.


I høve Bibelfestivalen besøkte bibelmisjonsleiar Bernt Greger Olsen (t.v.) i Det norske Bibelselskap Herøy. - Med både kino, litteraturkveldar, bibelquiz, samlingar for barn og ungdom i tillegg til kyrkjelege arrangement over fleire dagar, overgår det alt anna vi har sett i Norge, uttaler Olsen. Her saman med initiativtakar for bibelfestivalen, pastor Erhard Hermansen.


Bibelfest for barn var ein av programpostane under bibelfestivalen med konsert med Gurskøy Soul Children, møte med Even og Maja og KidsGames, konkurranser og aktivitetar knytt saman med ei bibelforteljing.



Las med lykt

Bibelmaratonet gjekk føre seg utan at det blei sagt noko utanom. Det var berre lesing. Bibelen blei lesen frå perm til perm, dag og natt, frå onsdag formiddag til laurdag ettermiddag.

– Også då Mørenett tok straumen natt til fredag, var det lesing, med hovudlykt, fortel Hermansen.
Dei hadde rekna med 80 timar, men dette klarte dei med god margin.


Bibelmaraton vart gjennomført frå onsdag til laurdag i nærare 80 timar. På bildene ser vi Liv K. Sævik og Anne-Lise S. Frøystad som var to av dei omtrent 50 frivillige som las bibelen desse dagene. Sistnemde las frå Bibelen med hovudlykt natt til fredag ettersom Mørenett hadde teke straumen.


Fleire frykta skjemaet ville sprekke då dei las i Det gamle testamentet, med mange vanskelege namn. Men etter kvart gjekk det lettare, og klokka fem laurdag ettermiddag var dei i mål - to timar før skjema. Då hadde dei lese dag og natt sidan onsdag føremiddag klokka elleve.

Hermansen har fått gode tilbakemeldingar på opplegget, både frå folk som las og frå folk som gjekk forbi og lytta.

200 år med bibelselskap

Festivalen kom i stand i samband med 200-årsjubileet for Det norske Bibelselskap.

– Dette gav oss ein gyllen moglegheit til å setje søkjelys på Bibelen og få den ut til folket, seier Hermansen.
For 200 år sidan var det nesten ingen som hadde tilgang på Bibelen. I dag er det ifølgje Hermansen fleire Biblar enn folk her i landet.

– Men mange av dei er godt gøymde, og festivalen var eit fint høve til å børste støv av dei, seier han.


Forfattar Edvard Hoem samla fullt hus på Herøy Folkebibliotek då han heldt foredrag med tema «Bibelen – for alle?» Han tok dei frammøtte med seg på ei engasjert vandring gjennom både bibelhistoria og Bibelen sin innverknad på samfunnsutviklinga i eldre og nyare tid.


Madelynn Coffee har lang tradisjon for å arrangere quizkveldar. Denne veka vart dei eiga bibelquiz kveld. På menyen ellers stod «Shepherd´s Pie».


Over 100 barnehageborn og 2. Klassingar fekk ei flott bibellesestund med Sigmund Aksnes på Herøy Folkebibliotek fredag føremiddag. Her møtte dei mellom anna forteljingane om Josef, Hanna og Sakkeus.

Viktig i samfunnet

Med denne festivalen meiner han ein lukkast å nå ut i det offentlege rom med Bibelen.

– Bibelen er viktig for å forstå vår eiga historie og det samfunnet vi lever i, i tillegg til å vere ei kjelde til tru, seier Hermansen.
Han er godt nøgd med festivalen, som han hadde ideen til, men som var eit samarbeid på tvers med kommune, kulturliv og kyrkjene.

– Det har vore veldig vellykka og kjempegøy. Det har vore mykje kaffi og Bibel og lite søvn, oppsummerer Hermansen.


Filmanmeldar og kulturjournalist Jon Selås i VG (t.h.) heldt eit foredrag med temaet «Bibelske tema i filmar» før «deUSYNLIGE» vart vist på Fosnavåg Kino. Her er han i samtale med kinosjef Bjørn Holum (t.v.) og Helge Håberg etter filmen. I sitt foredrag sa Jon Selås at direkte forkynning i film er umuleg, så lenge Gud, ved Den heilage ande, ikkje bestemmer seg for å lage film. Samtidig var han tydeleg på at vårt forhold til Gud lett kan, og vert belyst gjennom film.


Under leiing av Vegard Voldsund stod eit stort lovsongskor og band på scena i Fosnavåg konserthus då det vart arrangerte lovsongskveld. Herøy Gospelkor song, med utgangspunkt i Salme 121 og eiga opplevingar i møte med menneske tale pastor Erhard Hermansen om korleis lovsongen alltid har vore i munn og hjarte hos Guds folk, både gjennom gleder og trengsler.

Imponert Bibelselskap

Bibelmisjonsleiar i Det Norske Bibelselskap Bernt Greger Olsen er imponert over arrangementet.

– Bibelmaraton har blitt gjennomført over heile Norge, men med både kino, litteraturkveldar, bibelquiz, samlingar for barn og ungdom i tillegg til kyrkjelege arrangement over fleire dagar, overgår det alt anna vi har sett i Norge, uttaler Olsen.

Han seier Bibelfestivalen i Herøy er unik i den forstand at den har blitt til på lokalt initiativ og har samla alle lokale kyrkjelydar i eit sterkt felles initiativ som viser kor viktig Bibelen er for dette bygdesamfunnet.

– Som Bibelselskap er vi svært imponert over det sterke lokale initiativet og skulle gjerne sett at dette kunne skje mange andre stader i landet, seier Olsen.


Even og Maja dukka også opp på festgudstenesta i Herøy Frikyrkje. Dei la ut på en lang skitur for så å oppdage at dei hadde gløymt matpakka. Det førde til ein oppheita samtale om kor viktig mat er. Pastor Erhard Hermansen fekk seinare ein samtale med Even (Thea F. Kopperstad) nettopp om det å ete, og understreka at Bibelen er som ei matpakka som vi treng å ta til oss av. I gudstenesta elles tala bibelmisjonsleiar Bernt G. Olsen i Det norske Bibelselskap.


Herøy mannskor og Herøy Kyrkjekor deltok med song under salmekvelden i Herøy Kyrkje søndag.


Herøy mannskor og Herøy Kyrkjekor deltok med song under salmekvelden i Herøy Kyrkje søndag.


I et samarbeid mellom Herøy Frikyrkje og Herøy Kyrkje vart det et eiga skuleopplegg knytt til bibelen for 5., 6. -og 7. Klasse-trinnet ved Borga. Pastor Erhard Hermansen fekk mellom anna i oppgåve å fortelje elevane heile bibelhistoria på femten minutt.


Vestlandsnytt har også hatt brei dekning av bibelfestivalen, blant anna 9.9. og 13.9.2016. Du finn begge artiklane på vår facebookside facebook.com/frikyrkja.


Elles hadde NRK dekning av opninga av bibelmaraton og Radio Sunnmøre intervju med pastor Erhard Hermansen i samband med bibelfestivalen. Du kan sjå og høyre begge delar her.

NRK
Radio Sunnmøre