BIBELFESTIVAL I FOSNAVÅG
7.-11. september 2016

Av: Administrator
04/07-2016

I år feirar Det norske Bibelselskap sitt 200 års jubileum. Frå ei tid der svært få hadde tilgang til ein Bibel finst det i dag meir enn 6,9 millionar biblar i Noreg.

Bibelen er ei bok som engasjerer og som det er vanskeleg å halde seg nøytral til. Den har forma kulturen vår. Difor vert det arrangert bibelfestival i Herøy, der bibelen finn sin plass i tett samarbeid med mellom anna bibliotek, kino, konserthus og kyrkjene.


Pastor Erhard Hermansen som har vore initiativtakar til Bibelfestivalen fortel om eit variert og innhaldsrikt program for alle aldersgrupper. I desse dagar vert det distribuert ei brosjyre med oversikt over det rikhaldige programmet.

Tru på lerretet

Film er best på kino – og film er meir enn «berre» underhaldning. Det vi opplever i kinosalen rører oss på mange plan: Her vert dei store spørsmåla utforska. Film og bibelfestival høyrer difor saman. I samarbeid med Herøy Kino vert det sett opp fleire filmar som på ulike måtar illustrerer bibelske tema. Det er variasjon både i sjanger og målgruppe – frå vaksne til familie. På Herøy Kino vert det også foredrag med Jon Selås, filmmeldar og kulturjournalist i VG, med temaet «Bibelske tema i filmar»


Jon Selås - Foto: Thomas Sjørup


Risen

Bibelen og litteraturen

Bibelen vert kalla «Bøkenes Bok» og er verdas mest selde og lesne bok. Herøy folkebibliotek inviterer til foredrag med forfattar Edvard Hoem med temaet «Bibelen for alle?”» Biblioteket set også opp ei bibelutstilling, og har du ein Bibel du tenkjer vil passe på ei slik utstilling og som du vil låne ut, så ta kontakt med Biblioteket. I samband med Bibelfestivalen vert det dessutan lesestund for barna.


Edvard Hoem - Foto: Oktober forlag - Staale Felberg

Bibelmaraton

Midt i sentrum av Fosnavåg vert heile Bibelen lesen. Det heile startar onsdag føremiddag med lesing av 1. Mosebok og vert avslutta med Johannes Openberring laurdag kveld. Når siste vers er lese, har maratonlesinga vart i 80 timar.

Bibelquiz

Madelynn Coffee kan du få teste bibelkunnskapane dine? Her kan du ta med deg nokre venner, danne lag og vere med å kjempe om heider og ære!

Lovsongskveld

Med Herøy Gospelkor, samt eit stort lovsongsband og kor på scena, inviterer vi til ein musikkfylt familiefest på Fosnavåg konserthus. Gjennom song og tilbeding vil vi gi Gud takk og ære for hans godleik mot oss.

  • Inspirert av Bibelen, vil vi kunne sjå korleis lovsongen alltid har vore i munn og hjarte hos Guds folk, både gjennom gleder og trengslar, seier Hermansen.

Bibelfest for barn og ungdom

I ungdomslokala i Herøy Kyrkje kan du få med deg konsert med «Holy Sound Project”, og bli med på ei spenstig avslutning like før midnatt. I parken i Fosnavåg vert det bibelfest for barn med Gurskøy Soul Children, KidsGames og Even og Maja, og i Frikyrkja vert det søndagsskule parallelt med festgudstenesta.


Gurskøy Soul Children

Salmekveld

I dei bibelske salmane finn du stor variasjon av sjangrar, frå klagesongar til lovprising. I generasjonar har unge og gamle funne trøyst og glede i salmetekstar og tonar. På salmekvelden i Herøy Kyrkje deltek mellom anna Herøy Kyrkjekor og Herøy Mannskor.


Herøy Kyrkjekor


Herøy Mannskor - Foto: Robert Skeide
 

Festgudsteneste og søndagsskule

I høve bibelfestivalen vert det felleskyrkjeleg gudsteneste i Herøy Frikyrkje med mellom anna besøk av bibelmisjonsleiar Bernt Greger Olsen i Det norske Bibelselskap.


Bernt Greger Olsen

Overnatting

Erhard Hermansen håpar mange fortel at Thon Hotel Fosnavåg tilbyr eigen festivalpris på overnatting under bibelfestivalen, og oppmodar folk om å invitere tilreisande.