Speidar- og sommargudsteneste

Av: Administrator
22/05-2016

Søndag (29. Mai) vert det speidar- og sommargudsteneste på Herøy amfi for Herøy FSK Sjø og Herøy frikyrkje.


Herøy frikyrkje har om lag 80 speidarar i sving kvar veke. Søndag skal vi få vere i lag med denne verkegreina og det vert det utegudsteneste for speidarane og for heile menigheita. Vi håper på godt oppmøte og eig godt møte mellom speidarar, alle speidarforeldra og menigheita. Vi møtest på Herøy amfi søndag klokka tolv. Då vert det gudsteneste med innmarsj ved speidaren, opptak av nye speidarar og utdeling av merke. Speidarane har jobba med førstehjelp denne våren, og mellom anna hatt besøk av  Røde Kors i opplæringa.

Etter gudstenesta vert det aktivitetar og grilling. Ta med grillmat og «grill kyrkjekaffien».

Herøy amfi ligg lunt til i nordavinden. Der er gode stiar, lett å ta seg fram og utsikta og gudstenesta er vel verd å ta seg ein liten spasertur for. Søndagens tekst handlar dessutan om Nikodemus som gjekk for å møte Jesus. Velkomne!