Konfirmasjon i Frikyrkja – eit minne for livet
«Kjempebra, eit minne for livet, vil ikkje at det skal ta slutt….»

Av: Administrator
22/04-2016

Søndag er det konfirmasjonsgudsteneste i Frikyrkja. Ni konfirmantar har gjennom året vore med på konfirmantsamlingar og er no klare til konfirmasjon – men ikkje til at det skal ta slutt.


Årets konfirmantar i Herøy frikyrkje har hatt eit godt konfirmantår og gler seg til ei kjekk konfirmantgudsteneste. Bak f.v.: Vilde Kvalsund, Emma Sævik, Theodor Kopperstad, Josef Vike, Arsene Simbi, Andre Dypvik Storøy og Helene Kvalsund. Framme f.v.: Emma Nærø Pettersen og Kanutte Kopperstad.

Dei er veldig fornøgde med tida si som konfirmantar
- Det har vore heilt fantastisk. Kjempebra. Veldig gøy. Gode vener for alltid. Gode leiarar. Eit minne for livet. Og vi vil ikkje at dette skal ta slutt, er det konfirmantane fortel om konfirmanttida.

Gjennom året som konfirmantar har denne gjengen møttest annankvar veke til samlingar, for det meste i Frikyrkja, og i lag med tilsette frå Frikyrkja. Dei har også vore på fleire turar, mellom anna til den store ungdomssamlinga «Impuls» i Trondheim. Til konfirmantgudstenesta har konfirmantane også førebudd både videoinnslag og musikalske innslag.

Når konfirmantane er ferdige, går stafettpinnen over til eit nytt kull. Konfirmasjonstilbodet i Frikyrkja er ope for alle som har lyst, og no startar påmeldinga for neste år. Er dette noko for deg, så er det berre å ta kontakt.