Olaug Lillian Bjørke frå Åpne dører taler søndag

Av: Administrator
07/04-2016

10.april får vi besøk av Olaug Lillian Bjørke frå Åpne Dører. Ho er tilsett som områdeleiar på Sunnmøre, og gleder seg til å møte oss denne søndags formiddagen. Åpne Dører står i tjeneste for forfulgte kristne. Les gjerne meir om arbeidet deira på opendoors.no


Olaug Lillian Bjørke

Olaug lagar radioprogram for Åpne Dører på Radio Sunnmøre. Desse programma blir sendt annakvar onsdag ca kl 12:30 i partalsveker. Om du ønsker å lytte til eit program eller to, kan du klikke på denne linken: radiosunnmore.no/program/apne-dorer/

Gjennom bilder og film vil Olaug dele med oss vitnesbyrd frå forfulgte kristne søsken. Ho brenn for å formidle kva forbønn betyr i arbeidet; Åpne Dører vil først og fremst vere ein bønnebevegelse. Så har våre forfulgte kristne søsken også noko viktig å lære oss som lever i den frie verda. Slik kan vi vere til hjelp og inspirasjon for kvarandre. I tillegg til å tale, vil Olaug også synge eit par songar for oss.

Kanskje ønsker du å motta Åpne Dører bladet for å halde deg orientert og vere med i bønn? Etter gudstjenesta blir det høve til å teikne seg som bønnepartnar. Eit rikhaldig bokbord blir også tilgjengelig, og det er høve til å betale med kort for den som ønskjer spennande og inspirerande lesestoff.