Saman om det viktigaste

Av: Administrator
18/12-2015

Nest siste helga i januar byr dei største kyrkjene i Herøy inn til fellesmøte. – Det er godt å vere i lag om det viktigaste, seier arrangørane.


Ole Kristian Iglebæk

Bodil Kvalsund, Øystein Nerland og Knut Magne Dalsbø frå Den norske kyrkja, Erhard Hermansen frå Frikyrkja og Roger Kvalsvik frå pinsekyrkjelyden Sion seier det er viktig å kome saman for å vise at ein kan samarbeide på tvers av kyrkjesamfunn og vere i lag om å vinne nye for Jesus.

- Det er også godt for kristne som går i ulike kyrkjer å møtest for å vere i lag og sjå at ein er mange som står i lag.

Med fellesmøta får ein dele fellesskap og felles tru.

- Og vi synleggjer at vi har eit felles mål; å vinne fleire for Jesus.

Tema for fellesmøta handlar også om det: «Berre gi meg Jesus». Talar på alle møta vert Ole Kristian Iglebæk frå Kristiansand og De Frie Evangeliske Forsamlingar. Han har reist som evangelist over heile landet i snart tretti år og er mykje brukt som talar i fellesmøter og møteaksjonar. Iglebæk har også vore mykje på Sunnmøre, og besøkte Herøy i 1995 på teltmøte.

Ut til mange

Møta på kveldstid fredag og laurdag vert i Herøy frikyrkje. Fredag vert Nærøygutane med og syng medan ei gruppe med Vegard Voldsund i leiinga syng føre i lovsongen både fredag og laurdag. Lovsongsteamet startar med song eit tid før kvart møte. Etter møta vert det tilbod om forbøn, og det er Johanne Leinebø som leier forbønsteamet. Det vert i tillegg samling på kyrkjetorget med kaffi og noko å bite i etter møta fredag og laurdag.

Søndag møtest ein igjen til felles gudsteneste i Herøy kyrkje. Då deltek også Ulstein gospelkor med fullt band.

- Vi ønskjer alle velkomne til møta og håper vi vil nå ut til mange med bodskapen om Jesus.