Planlegg pilegrimsgudsteneste

Av: Administrator
02/07-2015

Søndag vert det pilegrimsferd til sjøs frå Stokksund til Herøy gard. På den tidlegare heidenske staden vert det også historisk vandring i samband med Herøyspelet. (Av: Jan Åge Sundnes - janaage@vestlandsnytt.no)


Desse tre planlegg ein «pilegrimsdag», med både morgonbøn, pilegrimsvandring og gudsteneste søndag i herøyspelhelga. F.v. koordinator i Herøyspelet Torill Myren, hovudpastor i frikyrkja Erhard Hermansen og seniorprest i Herøy kyrkje Sjur Sæter.

Sidan fyrste Herøyspelet i 1992 har det vore arrangert utandørs gudsteneste på Herøy gard. I samband med satsinga på Herøy i kystpilegrimsleia, får den økumeniske gudstenesta i år eit meir historisk preg.

Morgonbøn og roing
Torill Myren, koordinator i Herøyspelet, har med seg prestane Erhard Hermansen og Sjur Sæter frå høvesvis Herøy frikyrkje og Herøy kyrkje i planlegginga av det som vert ein «pilegrimsdag» søndag.
– Vi vil starte med morgonbøn i Indre Herøy kyrkje. Når denne enkle delen er over, går vi i felles flokk ned til båtane, som tilhøyrer kystmuseet, fortel Hermansen. Men sjølvsagt er det ingen tvang å kome seg om bord i båtane.
– Dei som ikkje ønskjer å ro, kjem seg til Herøy gard med dei vanlege herøyspelbussane, legg Torill Myren til.


Herøy kystmuseum stiller med båtar for dei som vil vere med og ro frå Stokksund til Herøy gard etter morgonbøna i Indre Herøy kyrkje.

– Alle kristne er pilegrimar
Målet med pilegrimsferda er gudstenesta på Herøy gard. Der ventar «pilegrimspastor» Jan Løkkeborg.
– Vi er så heldige å ha fått med pastoren i Sula frikyrkje som årleg leiar pilegrimsvandringar på den heilage øya Lindisfarne i nord-England, der den keltiske kyrkja hadde sitt kraftsentrum. Hans søken og pilegrimsvandringar har også ført han ut til klostera i ørkenen i Egypt. Der har han funne byrjinga på ein ubroten tradisjon heilt frå den koptiske kyrkja og evangelisten Markus og fram til i dag, fortel Hermansen, som siterer kollegaen sin. «Å vere pilgrim er noko tidlaust og djupt bibelsk. Livet er ei vandring mot æva, og derfor er alle kristne eigentleg pilegrimar».


Pilegrimspastor Jan Løkkeborg som årleg leier pilegrimsvandringar på øya Lindisfarne i nord-England talar på Herøyspelgudstenesta.

Historisk vandring
Pilegrimsferda held fram når fararane er i land på sjølve Herøya.
– Etter at folk har fått seg middag og det fyrste spelet for dagen går føre seg, byrjar pilegrimsvandringa på Herøy gard, fortel Myren. Gudstenesta vert eit mellombels stopp på denne turen. Det er leiar Håvard Hatløy ved kystmuseet som skal leie vandringa her.
– Vi skal gå gjennom den rundt 1.000 år gamle kulturhistoria til Herøya, seier Myren, som kjem med smakebitar av dei mange hundre åra med historie.
– Mest truleg vart berga her brukte til ofringsplass. Det var vanleg å leggje kyrkjer til slike stader. Kanskje så tidleg som på 1000-talet vart dei fyrste bygde. Herøy vart eitt av to prestegjeld på Sunnmøre og eit kyrkjeleg tyngdepunkt, seier Myren om historia som vert «gått opp» søndag.

Dragkampen
Pilegrimsdagen vert avslutta med helgas siste framsyning av Herøyspelet, som er relevant i høve pilgrimsvandring, meiner spelkoordinatoren.
– «Kongens ring» handlar djupast sett om kven som er den sterke makt i verda. Som Unn seier, «Du trollmakt og du kristenmakt, slutt å dra meg sund mellom dykk».

Frå Herøy til Selje?
Bakgrunnen for pilegrimsfokuset er den nasjonale planlegginga av den prestisjefylte pilegrimsleia langs kysten mellom Rogaland og Nidaros. Ruta vert i desse dagar planlagd, og Herøy vert ein naturleg stoppestad.Her låg til dømes folk i påvente av godt vêr før dei kunne runde Stad og nå klosterøya Selja. Til neste års 25-årsjubileum for Herøyspelet, kan pilegrimsdelen verte utvida. – Då kan det hende pilegrimsvandringa på Herøya vert sett saman med Selje, der ein kombinerer Herøyspelet laurdag og Seljumannamessa, som har vore tradisjon fyrste søndag i juli, seier Sjur Sæter om planane for jubileumsåret 2016 for Herøyspelet.

Men kva er målet med ei pilegrimsferd?

Vandringa er målet
– Eg trur ikkje staden ein kjem til nødvendigvis er målet i seg sjølv, men at vandringa er målet. I utgangspunktet søkte ein åndeleg reinsing, før det i mellomalderen vart utvida til at personar reiste frå stad til stad og på den måten søkte å reflektere og tenkje, seier Hermansen.
– Men å kome fram er også eit mål, meiner Sæter, noko Hermansen likevel seier seg einig i. Altså meiner dei to prestane er både vandring og framkome er målet med ei pilegrimsferd.

Tverrkyrkjeleg
– Vi synest dette er kjempespennande, og om folk berre er med på delar av pilegrimsdagen, er det veldig bra, seier frikyrkjepastor Hermansen.
Det er ikkje berre frikyrkjefolk og medlemar av den norske kyrka som er velkomne. Det har alltid vore eit mål at gudstenesta under herøyspelhelga er tverrkyrkjeleg.
– Det bur mange katolikkar her, og vi ønskjer at også dei vert med, seier Hermansen, som trur på ei god og spennande oppleving for alle som kjem.
– Men vi er jo sjølvsagt vêravhengige. Interessa for å ro er nok betrakteleg mindre i sørvestkuling og regn, seier Myren og trillar av garde ein latter.