UG på klatretur!

Av: Josefine S. Kvalsund
04/10-2004

Laurdag den 25. september var det friluftslivgruppa sin kveld. Klatretur i Gjerdsvika sto på planen, men på grunn av dårleg ver tok vi klatring inne i ein gammal silo i Ulsteinvik. I 1995 laga dei til ein klatrehall der, så det minner om alt anna enn ein silo! Der har dei alt av utstyr; tau, selar, klatresko osv.


Vi møtte opp utanfor frikyrkja klokka 17.00. Der fylte vi opp i bilar, og sette kursen mot Ulsteinvik. Tre av dei som var med hadde erfaring med hallen der og klatring generelt. Så var det å finne sko og sele som passa. Sølve hadde ei innføring i sikkeheit, og då var det berre å overføre det vi hadde lært i praksis. Alle fekk lære knuten klatraren skulle festast i, ein 8-tals knute. Og når ein klatrar, må ein annan sikre. Dei som ville, fekk prøve seg som sikrar. Dei vart passa på og rettleia så dei gjorde det rett.

Men det var nok artigast å klatre! Konkurranseinnstinktet dreiv nokre, men dei fleste syntes det var spennande nok i seg sjølv. Det var litt vanskeleg å sleppe seg frå toppen dei fyrste gongane, sjølv om tauet ikkje kan slite=)
Vi kjøpte litt kjeks og anna godt, og dei som ville fekk prøve buldring. Det foregår på ein liten vegg som kan hellast utover. Kort fortalt blir det valt ut spesielle tak som det er lov å bruke til å nå målet. Det var utfordrande for dei som prøvde, og gleda stor når dei klarde det!

Det var ei kjekk oppleving, og eit veldig bra alternativ til ungdomskveld, det var alle samde om!