Løva som lærer borna om Gud

Av: Administrator
29/01-2015

Kvart år når Bibelselskapet i Egypt ein halv million born med kristent materiell. Mange av dei får sitt første møte med bibelhistoria på ein festival med den kloke løva Kingo. (Foto: Tor Tjeransen - Tekst: Hans Sagrusten)


Førstkomande søndag er det Bibeldag og i Herøy Kyrkje vert dette markert med gudsteneste der pastor Erhard Hermansen talar. På Bibeldagen 2015 støtter norske kyrkjelydar arbeidet til Bibelselskapet i Egypt. Det er omkring 12 millionar kristne i Egypt, dei aller fleste tilhøyrer den gamle koptiske kyrkja som er den største kyrkja i Midtausten. Det har vært kristne i Egypt heilt sidan det første århundret etter Kristus. I dag lever dei under sterkt press. Andakten denne veka er skrive av Hans Sagrusten i tilknytning til årets Bibeldag, og viser oss korleis born i møte med Bibelselskapet og Bibelen får håp og tro.

«Kingo!» ropar over tusen barnestemmer. Ein blid og venleg løvefigur kjem inn på scena. Det er den store løva Kingo som er på besøk i kyrkja i søppelbyen ved Kairo. Borna kjenner han frå bøker og filmar frå Bibelselskapet. Det er han som fortel dei gode bibelhistoriene for dei.

Vi er i ei kyrkje som er hogd ut i fjellet, oppe i søppelbyen i Kairo. Hit kjem Bibelselskapet fleire gonger i året for å arrangere Kingo-festival for borna som bur her. Sidan det vart starta opp kristent arbeid i søppelbyen for tretti år sidan, har mykje forandra seg. Folk har fått eit hus å bu i, og i det sandfarga fjellet er det hogd ut i alt sju kyrkjerom.

I den største kyrkja er det plass til 17 000 menneske. Kyrkja ligg i eit naturleg amfi i ei hole i fjellet. Kvar torsdag og sundag kjem opptil 8000 menneske saman til bibelstudiar og gudstenester. I den mindre hola, der borna samlast, er det plass til 3000.

Fleire store dokkefigurar kjem inn på scena, og dei byrjar å dramatisere ei bibelhistorie. I dag er det forteljinga om Josef og brørne hans som står i sentrum. Borna følgjer nøye med på det som skjer, dei peikar og ler. Bodskapen i bibelhistoria er klår: Vi skal tilgje kvarandre, slik Josef tilgav brørne sine.

Dei kristne i Egypt talar mykje om tilgjeving. Då seksti kyrkjer vart brende i august 2013, vart tilgjevinga meir enn ein teori. Dei kristne stod saman om å vise kjærleik og tilgjeving, midt i motstanden dei møtte.

– Vi forkynner at vi skal elske muslimane, seier Ramez Atallah i Bibelselskapet i Egypt.

Det kjem stadig strøymande born inn i rommet. Dei spring rundt og vil gjerne bli fotograferte. Heime bur dei i små og fattigslege husvere, men kyrkja er ein fristad med god plass og trygge rammer.

Bibelselskapet i Egypt arrangerer slike Kingo-festivalar i byar over heile Egypt. Når Kingo kjem til byen, brukar dei ofte ein open plass framfor den lokale kyrkja.

Samarbeidet med den koptiske kyrkja er svært godt. Kingo-festivalane blir ønskte velkomne overalt. Dei koptiske prestane slår med glede dørene opp til kyrkjeromma sine.

– Utan Bibelselskapet ville vi ha mista alle borna i kyrkja vår, seier dei.

Vi møter nokre av borna som er med på festivalen. Alle har fått ein bibel frå Bibelselskapet, anten ein heil bibel eller ein illustrert barnebibel.

– Vi likar å vera her, vi likar dokketeatret og songen, seier ei jente.

– Vi kjem for å lære om Guds Ord, seier ei anna.

Ein gut som heiter Zakaria, seier:

– Favorittbibelhistoria mi er forteljinga om då Jesus metta fem tusen. Også i dag kan vi få tru at Jesus klarer det utrulege. Han gjer det same i dag: Han vil tilgje meg, han vil velsigne heimen min og fylle oss med sin godleik. Men han kan også setja seg stille ned og berre vera saman med meg.

– Her har eg fått ein bibel frå Bibelselskapet. Her har eg også fått høyre om korleis Bibelen vart til, at Bibelen alltid er den same, og at Bibelselskapet deler ut biblar i heile verda.