”Det er i motbakke det går oppover....”

Av: Administrator
13/10-2014

Det er i motbakke det går oppover.
Når vi har det som hardast, når vi kjenner på at livet tek ei vending, brått og uventa, eller den kjem smygande på kroppen.
Døden som stel våre kjære, sjukdom som et opp kroppen, og vi må site maktelause å sjå på. Når alderdommen endrar våre kjære, og tek dei med ut i det ukjendte.
Når den du hadde tenkt å leve livet ilag med plutseleg ikkje er der lenger.... Når kvardagen er vond å meistre.


Åse Frafjord Johnson

Sorg har så mange ansikt. Det er ikkje berre ved dødsfall ein kjenner på ei botnlaus sorg. Alvorleg sjukdom, skilsmisse, alderdom prega av personlegdom i endring, og når ein kjenner på at kvardagen er vanskeleg å meistre. Det er då det er godt å kome saman. Utan å seie noko. Berre høyre på. Lytte. Vere til.

Åse Frafjord Johnson.
Vi skal få treffe Åse denne kvelden. Og vi skal få høyre om Ivar. Mannen til Åse som døydde av hjernesvulst i 2009. Vi skal få høyre om han som beheldt livsgleda gjennom ei lang sjukdomsperiode, og om hans unike innstilling til livet som fekk store konsekvensar for Åse. Vi skal få høyre om Åse sine tankar om å gå den tunge motbakken.
Gjennom sitt foredrag ”Livet er....” tek ho oss med på ei reise gjennom sorg og glede ved livet, og motbakkane.

Med si nydelege stemme vil Andrine Berge lede tankane våre inni ei verd av magiske tonar.
Vegard Voldsund, Arve Voldsund og Yngve Sævik vil ramme dei heile inn med nydeleg musikk, og Linn Therese Sævik vil leie oss gjennom kvelden.

Det er når livet viser seg frå si mest brutale side. Når det skjer utforutsatte ting i kvardagen vår. Når dagane blir snudd frå glede til sorg. Det er då vi ynskjer at dei usynlege englevingane skal kome å lyfte oss. Ta oss med oppover motbakken.
”For nokre menneske gjer himmelen vakrare å sjå på”.

Du er hjarteleg velkomen til Herøy Frikyrkje 15. Oktober.
Arrangementet er gratis!