DEN NORSKE FRANS AV ASSISI
Velkomen til det 5. Haugeseminaret i Fosnavåg

Av: Administrator
30/09-2014

Det er Oslo-professoren Øystein Rian som i ei bok frå 2007 gir Hans Nielsen Hauge dette tilnamnet. På same måte som tiggarmunken gjorde Hauge eit umåteleg sterkt inntrykk på vanlege folk, ved sine lange vandringar, eit asketisk liv og forkynning til samsvar mellom liv og lære. For Frans som for Hauge vart helsa knekt i fengselet, og det er ettertida som har gitt dei heltestatus.


Haugeseminaret

NORGES MEST LESTE I SI TID
I store trekk er Hauge godt kjend i Norge. Etter andre verdskrigen gav oldebarnet hans, professor Hans Ording ut Skrifter i 8 bind; 2500 sider produsert parallelt med tusenvis av kilometer vandring frå Kristiansand til Tromsø, på ski over Saltfjellet; handel og oppstart av nye bedrifter. Så kjem 4 bøker med brev, og i dei 200 åra som har gått er det gitt ut om lag 2500 titlar om Hauge. I hans eiga levetid fekk han trykt og spreidd rundt 200 000 eks av eigne skrifter.
Ingen kan skrive Norgeshistorie utan Hauge, heller ikkje litteraturhistorie.

HAUGE SOM FORKJEMPAR FOR KVINNENE
Som med Frans av Assisi har han fått eit nesten utelukkande godt skussmål. Typiske døme kan vere filmen om Hauge frå 1961 og at når ironikaren Alexander Kielland i Skipper Worse teiknar sitt Hauge-portrett i den omreisande predikanten Hans Nilsen Fennefos, så er det med stort alvor og respekt.

Og når Hauge utnemner 31 forstandarar som skal vere rådgjevarar i både åndelege og økonomiske spørsmål, så er seks av dei kvinner. Og dette er i 1802! Det er like ukjent som at Det Norske Misjonsforbund ga stemmerett til både kvinner og menn ved oppstarten i 1884, og at både Søndagsskuleforbundet og andre kristne organisasjonar var langt føre den offisielle likestillinga i 1913.

KVEN VIL IKKJE VERE PÅ LAG MED EIT GODT MENNESKE?
No vil både lekmannsrørsla, arbeidarrørsla og kvinnerørsla oppvurdere Hauge. Og for alle som vil trykke Hauge til sitt bryst er det store spørsmålet: På kva måte? I floraen av Hauge-arrangement held Haugeseminaret i Fosnavåg på å etablere seg med ei nasjonal stemme. Gründer Per Sævik står med begge beina i Hauge sine prosjekt: næringsliv og forkynning. Då har ein stilt seg lagleg til for hogg!

KVA HAR FRAMTIDA MED MEG Å GJERE?
I staden for redsle over å bli anklaga for nettopp manglande samsvar mellom liv og lære, set Haugeseminaret fokus på den vanskelege balansegangen «gudsfrykt med nøysemd». Det må vere lov å hente inspirasjon til dagsaktuelle problemstillingar utan å bli skulda for å ta Hauge til inntekt for seg sjølv. Slik rikdommen har bygt seg opp på Sunnmøre – på skuldrane av våre forfedre – har den åndelege arven til dei same forfedrene forvitra. I staden for klagesong, vil Haugeseminaret sette fokus på kva vi kan gjere; kva som er lurt å gjere; kva som er berekraftig for framtida.

ÅRETS HAUGE-SEMINAR ER TODELT:
Ei open samling i Fosnavåg Konserthus med fokus på samarbeid mellom næringsliv og kommune. Her deltek Arnulf Goksøyr, Tore Ulstein, Magne Supphellen og Hermund Haaland frå tankesmia Skaperkraft. Dette er kl 14-16. Det er fri adgang og høve til å studere det nye hotellet og skipssimulatoren på nært hald.
Om kvelden går det 5. Haugeseminaret av stabelen, for første gong i det nyopna Fosnavåg Konserthus. Her deltek kjende personar frå norsk samfunnsliv og debatt. I tillegg til Supphellen og Haaland deltek tidl. statssekretær og professor Janne Haaland Matlary og den kjende debattanten frå radio og TV; redaktør Espen Ottosen.

KVA: Det 5. Haugeseminaret i Fosnavåg
KVAR: Fosnavåg Konserthus
NÅR: Torsdag 16. oktober kl 14 og kl 19