Lys og glede i tverrkyrkjeleg gudsteneste

Av: Administrator
25/06-2014

Temaet for gudstenesta var lyset – i ulike former, men mest av alt det lyset som Jesus Kristus representerer. (Tekst/bilete: Gunnar Wiik)


Heile familien Fjalsett var til stades i kyrkja. Mathias og Pernille song saman med barnekoret, som mora deira dirigerte. Faren, Henrik Fjalsett, hadde skrive tekst og melodi til fleire av songane som blei framført.

Meir enn 150 frammøtte i Herøy Frikyrkje fekk høyre at døyparen Johannes rydda veg for frelsaren som Israel hadde venta på. Geir Lande spelte rolla som Johannes, medan Eva Lene Husøy, Heather Kleppestrand og Karl Anders Brendmo stod for bøn og refleksjon. Gjennomgangstemaet var at vi alle som ein er lys, så lenge vi trur på Jesus. Som han sjølv sa det: Den som følgjer meg, skal ikkje vandre i mørket, men ha livets lys, jf Johannes 8-12.


Dryge 150 hadde møtt fram i Herøy frikyrkje for å få med seg den tverrkyrkjelege gudstenesta.


Geir Lande, Eva Lene Husøy og Heather Kleppestrand.

Jesus er verdas lys; verdas frelse – alle som trur på han skal få evig liv. Men også no – når vi lever våre liv her på jorda – så er vi alle del av dette lyset, sjølv om det kan vere godt gøymt inne i fleire av oss. Vi må leite det fram ved å vere opne, ærlege, modige og bry oss om dei som er rundt oss, og ta imot den kjærleiken vi omgir oss med, til dagleg. Kjærleiken finst nemleg overalt – vi må berre velje lyset framfor mørkret.

Gråvér og regn gjorde at arrangementkomitéen – Herøy kyrkje, Sion Gurskøy og Herøy Frikyrkje – valde å legge gudstenesta innandørs. Ute var det 9 fattige varmegrader og duskregn. Inne var det hallelujastemning og breie smil – ikkje berre på grunn av den glade bodskapen, men kanskje like mykje på grunn av vakker song og energiske, lykkelege barn.


Det musikalske syskenparet, Mathias og Pernille Fjalsett.

Syskenparet Mathias og Pernille Fjalsett demonstrerte ekte songglede, og mora deira dirigerte det samansette, lokale barnekoret, som har blitt ein tradisjon under Maritime Sommardagar i Fosnavåg. Tomine Sævik og Elisabeth Kvalsvik framførte også fleire nummer, mellom anna var dei med på leie allsongane «Det lille lys jeg har» og «Det sanne lys», trygt akkompagnert av Vegard Voldsund på piano.


Tomine Sævik og Elisabeth Kvalsvik leia allsongen, akkompagnert av Vegard Voldsund på piano.


Tradisjonen tru var det kyrkjekaffi etter gudstenesta.