Lillian F. Kvalsvik er ny eldste i kyrkjelyden.

Av: Administrator
17/04-2014

Å være eldste er meir alvorleg enn det eg har hatt tidlegare som barne og ungdomsledar. Eg er kalla og innsett og kan ikkje berre hoppe av lasset når det passar. En har ansvar for heile menigheita og skal elske og ha ansvar for alle. Og bestemmer ikkje berre slik eg synest, men det må heile tida samsvare med Guds ord, seier Lillian F. Kvalsvik


6. April vart Lillian F. Kvalsvik ordinert og innsett til teneste som eldste i kyrkjelyden. F.v. Pastor Erhard Hermansen, Lillian F. Kvalsvik, Jon Peter Frøystad (eldsterådet) og Aase N. Bø (diakonrådet).

Allsidig erfaring frå kyrkjelydsarbeid

Søndag 6. April 2014 vart Lillian F. Kvalsvik (60) ordinert og innsett til teneste som eldste i kyrkjelyden. Lillian er oppvaksen i Hovdebygda og høyrde til Ørsta Frikyrkje. Lillian er gift med Oddmund, har 3 barn og 6 barnebarn. Ho er utdanna førskulelærar, og har jobba som styrar og avdelingsleiar i barnehagar i Herøy i nesten 30 år. Frå 2006 har ho vore eigar og drivar av Fest og Fritid I Fosnavåg.

- Eg flytta til Herøy i 1976, og har vore med i barne og ungdomsarbeid i frikyrkja her i alle år, søndagsskule, ungdomsgruppe og junior, også på presbyterieplan og landsråd. I tillegg er eg aktiv i misjonsbibelgruppe og er misjonskontakt.

- Da eg slutta i søndagsskulen kjende eg meg ikkje ferdig med teneste i Guds rike. Eg kjende på ei uro, eit kall om fortsatt teneste, men det var likevel ikkje lett å seie ja når spørsmålet kom om eldsteteneste, seier Lillian.

Kraft, kjærleik og visdom

På vegen fekk ho eit ord frå 2. Tim. 1. 6–7 som ho delte i sitt vita på ordinasjonsdagen. “Difor vil eg minna deg om dette: Lat Guds nådegåve i deg flamma opp på nytt, den du fekk då eg la hendene på deg. For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus; vi fekk Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom”.

- Akkurat dette treng vi i ei slik teneste, seier Lillian, og understrekar - om eg kan hente kraft frå Gud, kjærleik frå Gud, visdom frå Gud, då kan eg seie ja til ei slik teneste. For då er det Guds arbeid og ikkje mitt, seier Lillian.

I samband med ordinasjonen las pastor Erhard Hermansen frå 1. Peter 5.1-7 og understreka særskild vers 7. “Kast all dykkar uro på han, for han har omsorg for dykk”. – Når du svarar ja på spørsmål om truskap til Guds ord, vedkjenninga, til å elske kyrkjelyden og vakte den gjer du det “ved den nåde og kraft Gud gjev deg”, og hugs at han har omsorg for deg, og for den teneste som han i dag sett deg til, sa pastor Hermansen.

Første kvinne

Våren 2013 opna kyrkjelyden for at kvinner kan bli eldste, og Lillian er første kvinna i eldsterådet. Kva slags tankar har du omkring det, og generelt om det å bli eldste?
 
- Å være eldste er meir alvorleg enn det eg har hatt tidlegare som barne og ungdomsledar. Eg er kalla og innsett og kan ikkje berre hoppe av lasset når det passar. En har ansvar for heile menigheita og skal elske og ha ansvar for alle. Og bestemme ikkje berre slik eg synest, men det må heile tida samsvare med Guds ord, seier Lillian F. Kvalsvik.
 
- Eg trur at Gud har plass for kvinnene i ei slik teneste, og kvinnene tenkjer av og til litt annleis enn karane og det berikar fellesskapet. Det å være den fyrste skaper litt forventning, enkelte medlemar har sagt at dei forventar forandring i leiinga, men det trur eg nok ikkje vil merkast. Eg håpar andre kan tore seg til no, det kunna godt vore ei til, seier Lillian.
 
Draumar for kyrkjelyden

Eg drøymer om ei stor menigheit med engasjerte og glade medlemmar i alle aldrar, som har eit godt fellesskap innbyrdes, men som også utgjer ein forskjell i nabolag og lokalsamfunnet vårt, seier Lillan F. Kvalsvik