Ordinasjon av eldste og besøk frå Etiopia

Av: Administrator
03/04-2014

Førstkomande søndag vert Lillian Fagerhol Kvalsvik ordinert og innsett som eldste i Herøy Frikyrkje. Ein eldste utgjer saman med pastor eldsterådet som har det åndelege ansvaret i kyrkjelyden og utgjer leiinga av kyrkjelyden.


Lillian Fagerhol Kvalsvik

Lillian F. Kvalsvik er og misjonskontakt i kyrkjelyden, og det passer difor bra at vi har besøk frå Frikyrkja si samarbeidskyrkje i Etiopia denne søndagen. Pastor Soboka Tesso frå Mekane Yesus Kyrkja vitjar kyrkjelyden denne helga og vert dagens predikant.

Soboka Tesso har vore pastor i same kyrkjelyd i meir enn tretti år, samstundes som han har vore med å plante ti datterkyrkjelydar. I dag driv dei arbeid på fem nye stader som dei håpar skal bli permanente kyrkjelyder om ikkje lenge.
Soboka Tesso  er oppteken av evangelisering og kyrkjelydsplanting, og små utviklingsprosjekt.

Vi vonar kyrkja vert fullsett komande søndag.

Frikyrkja