Hans Nielsen Hauge
- etikkinspirator for arbeidslivet

Av: Administrator
04/10-2013

Hans Nielsen Hauge var den første moderne konsernleiar i norsk næringsliv. Men kven var denne mannen som levde for 200 år sidan og stifta 30 bedrifter over heile landet, m.a. Eiker papirmølle i Vestfossen og Solberg Spinderi i Nedre Eiker? Han var ein gründer, industrimann og kjøpmann. Ein unik leiar som kanskje fann noko av nøkkelen til korleis vi kan kombinere etikk med lønnsemd og effektivitet i konkurranseutsette marknader; i private som offentlege verksemder. Han som mange trudde ”berre” var ein predikant og bondeson frå Østfold på starten av 1800-talet. Histo- rikaren Karsten Alnæs karakteriserer Hauge slik: ”Hans Nielsen Hauge er en av de mest betydn- ingsfulle personligheter i norsk historie”.


17. Oktober kan du høyre Kjell Magne Bondevik, Anne Christiansen, Birger Løvlie m.fl på Haugeseminar i Frikyrkja.

HAUGE-BEDRIFTER

Det er vel kjent at Hauge fekk fri frå det lange fengselsopphaldet for å koke salt ved Lillesand. Folk leid naud av mangel på salt. Hauge vandra også til fots fleire gongar opp langs Vestlandskys- ten. Minst to gongar besøkte Hauge Sunnmøre. Han forkynte og motiverte folk til å etablere verk- semder. Dei fleste av industribedriftene som vart reiste på Sunnmøre på 1800-talet, vart grunnlagde av folk som var påverka av dei haugianske tradisjonane.

LEIING

Sjølv ”marknadsøkonomien sin grunnleggar” og moralfilosof Adam Smith var oppteken av moral og etikk som grunnlag for økonomisk utvikling. I kontrast til dette står snakket og retorikken i dag om lønsemd. Kardinalproblemet for marknadskulturen kan seiast å vere at etikk ikkje er hovud- verdien i vår kultur, den er utanfor - som eit krydder. Svaret Hauge synest å gje for dei som søkjer lønsemd, er dette: Fokuser på verdiskaping og folk sitt behov på eit uttalt etisk grunnlag. Så - med klokskap, kunnskap og effektiv drift - kjem lønsemda!

På dette grunnlaget skapte Hauge meir lønsame bedrifter enn konkurrentane sine. Difor var også ein bondeson frå Østfold i stand til å m.a. etablere ei handelsbedrift i Bergen, og til dels ut- konkurrere dei etablerte borgarane. Det skal nesten ikkje vere mogleg!

HAUGE SOM KULTURBYGGAR

Leiarar som klarer å utvikle etiske haldningar og verdiar i bedriftene og overføre desse handlin- gane til medarbeidarane sine - slik at det vert deira eigne - har det beste styringsmiddelet. Her ligg noko av styrken i Hauge sin filosofi for leiing.

Hauge vert ståande som ein leiar med ein unik kombinasjon av etikk og lønsam verdiskaping. Er dette noko som vår tid treng som styringsprinsipp?

Tidlegare NHO-president og stortingsrepresentant Leif Frode Onarheim seier som Hans Nielsen Hauge som inspirator for arbeidslivet: ”I vår tid, preget av en tøff, globalisert konkurranse, er det viktigere enn noen gang at bedriftsøkonomiske mål kan kombineres med etisk refleksjon og ønske om å bidra til et godt samfunn. Personen Hans Nielsen Hauge kan gi inspirasjon både til å skape, utvikle og videreføre bedrifter med godt arbeidsmiljø og høy etisk standard.”

DU KAN HØYRE MEIR OM DETTE PÅ SEMINARET PÅ
HERØY FRIKYRKJE, FOSNAVÅG, FREDAG 17. OKTOBER KL 1900.