Avslutta med stor familiegudsteneste

Av: Administrator
25/06-2013

Tradisjon tru slo dei kristne forsamlingane i kommunen seg saman om ei storfamiliegudsteneste under maritime sommardagar. I sommarsola vart det ei fantastisk avslutning på ein vellukka sommarfestival.


Stor deltaking under friluftsgudstenesta på Rådhusplassen.

Nytt av året var jentegruppa Happy Hearts. For ikkje lenge sidan slapp dei si eiga plate, søndag delte dei noko av denne musikken med herøyværingane i Fosnavåg.


Happy Hearts fra Frikyrkja er plateaktuelle med CD’en ”Eg er rik” og fekk opne storfamiliegudstenesta.

Eit suksessfullt samarbeid
Gudstenesta under maritime sommardagar har vorte eit fast samarbeidsprosjekt for forsamlingane her ute. Anton Heggvik frå Sion, Erhard  Hermansen og Camilla Storøy Hermansen frå Frikyrkja og Beate Nes frå Den norske Kyrkja leia forsamlinga gjennom ei innhaldsrik gudsteneste.


Denne kvartetten kan sjå tilbake på nok ei vellukka storfamiliegudsteneste. F.v. pastor Erhard Hermansen (Frikyrkja), kateket Beate Nes (Den norske Kyrkje), pastor Anton Heggvik (Sion) og fung. sokneprest Bjørn Leinebø (Den norske Kyrkje).

Søndagens gudsteneste var siste gudstenesta for Beate Nes i Herøy. Til hausten startar ho som kateket i Stryn. Erhard kan fortelje at samarbeidet mellom han og Beate har vore spesielt godt. Håpet no er at ein gunstig kandidat tek over som kateket i Herøy Kyrkje. 

Team Sulebakk 
Laurdag kunne kyrkjelydane invitere til korfestival i frikyrkja. Team Sulebakk leia born og ungdommar gjennom eit inspirerande korkurs. Dei som ønskte det, fekk også tilbod om dansekurs.


Korfestival med storkonsert i Frikyrkja med Team Sulebakk og Happy Hearts.

Klokka 12.45 vart dansekunstane framførte på festivalscena på rådhusplassen framfor eit entusiastisk publikum. Klokka 17.00 inviterte menigheitene til Frikyrkja på korkonsert. For ei nærmast fullsatt kyrkje fekk publikum sjå at korgleda blant dei unge i Herøy er stor.

Erhard Hermansen kunne i etterkant av korkonserten laurdag fortelje at det er spesielt kjekt at så mange utan tilknytning direkte til borna på scena møtte opp til ei slik framsyning. Ofte vert det slik at berre foreldre eller venner med direkte tilknytning til artistane møter opp, men denne trenden ser no ut til å snu.

Underhaldande storfamiliegudsteneste
Ikkje uventa bydde møteleiarane på mange friske sprell under søndagens gudsteneste. Både barn og vaksne vart stegvis inviterte til å ta del i bevegelsane til koristane. 

Happy Hearts har vorte eit rutinert kor med dyktige songarar. Spesielt kjekt er det å sjå gleda dei uttrykker ved musikken sin. 

Talarane Beate og Erhard drog med seg fotballen opp på festivalscena, og utfordra kvarandre i straffekonkurranse. Då sluttresultatet blei uavgjort 3-3, måtte dei kåre seg begge til vinnarar. I same slengen fekk dei også fram betydninga av kor viktig det er å løfte opp kvarandre. For Gud er alle vinnarar. 


Erhard Hermansen og Beate Nes jublar over delt siger i straffesparkkonkurransen.

Erhard og Beate ønskte også å dele ut ei spesiell merksemd til ein person dei meinte var eit godt føredøme når det kjem til å løfte kvarandre opp. Linn-Therese Sævik har vorte lagt merke til som ein spesielt positiv og rosande person. 

Kollekten gjekk til aktivitetsløypa på Kjeldsund og Sanitetskvinnene i Herøy. 


Team Sulebakk frå Frekkhaug utanfor Bergen var også i år igjen gjestar under Maritim Sommarfestival.