Festival-gudsteneste for femte gong

Av: Administrator
18/06-2013

For femte år på rad inviterer Herøy kyrkje, Herøy Frikyrkje og Sion Gurskøy til stor familiegudsteneste søndagen under den maritime sommarfestivalen. I år lovar arrangørane ei «oppløftande» stund.


Kateket Beate Nes og frikyrkjepastor Erhard Hermansen samarbeider om talen i den store familiegudstenesta på rådhusplassen under den maritime sommarfestivalen i Fosnavåg. For Nes markerer gudstenesta slutten på hennar tid som kateket i Herøy. ­ Det er ikkje den verste avslutninga ein kunne fått, seier ho til Vestlandsnytt.

Dette blir eit lite jubileum for oss når vi for femte gong kan invitere til stor familiegudsteneste i samarbeid med festivalen. Eg trur nok at vi skal greie å toppe dei fire gudstenestene vi har lagt bak oss, både når det gjeld innhald og folk som kjem, seier pastor Erhard Hermansen i Herøy Frikyrkje.

Camilla Storøy Hermansen og pastor Anton Heggvik, frå Sion Gurskøy, vil leie gudstenesta på rådhusplassen. I løpet av seinvinteren og våren har Storøy Hermansen leia serien av «Show it»-gudstenester i frikyrkja, og fleire av elementa der ifrå blir med på festival-gudstenesta.

Korfestival laurdag


Team Sulebakk

Fleire av musikarane og mykje av musikken frå «Show it» blir med. Team Sulebakk og gruppa Happy Hearts er med oss heile helga, og vil naturlegvis setje sitt musikalske preg på gudstenesta. Laurdag arrangerer vi korfestival, med forhåpentlegvis mange unge songarar frå distriktet. Dei blir også med søndagen. Elles kan vi i år også by inn til gratis konsert med alle aktørane frå korfestivalen i aksjon laurdag ettermiddag, seier Erhard Hermansen.


Happy Hearts

Det vert også jobba for å få til eit danseseminar, og lukkast ein med det vil dansarane der ifrå også bli å sjå under gudstenesta.

Talen i familiegudstenesta vert eit samarbeid mellom pastor Erhard Hermansen og kateket Beate Nes. For sistnemnde vert gudstenesta den siste kyrkjelege handlinga som kateket i Herøy, før ho flyttar for å ta til som kateket i Stryn.

Det er ikkje den verste avslutninga eg kunne ha fått, smiler ho.

- Vil løfte kvarandre

I talen sin ønskjer Erhard Hermansen og Beate Nes å fokusere på den unike verdien i kvar enkelt av oss.

Etter gudstenesta vert det som vanleg kyrkjekaffi, og i år vil vi prøve å få til litt konkurransar og leikar. I Bibelen vert det skrive om «å kappast om å heidre kvarandre». Det er litt i dei baner vi tenkjer. Vi vil rett og slett prøve å løfte kvarandre denne dagen, seier Hermansen, som saman med Beate Nes gler seg veldig til festivalhelga og familiegudstenesta søndagen.