”Det er i motbakke det går oppover………”

Av: Administrator
22/04-2013

Ada Sofie Austegard. Du har høyrt om henne. Mora som miste dottera Stine Sofie i dei grufulle drapa i Baneheia i 2000. Ho som etterpå starta Stine Sofie Stiftelse. Slik at ho kvar dag kan jobbe for ein betre kvardag for alle born som slit rundt omkring i Noreg. No kjem ho til Herøy for å dele litt av sine tankar. Tankane om livet etterpå. Om dagane etter alt det grusomme som skjedde. Korleis kan ein reise seg etter ein så sterk rystelse?


Onsdag 24. april kl. 19:30 kjem Ada Sofie Austegard til Frikyrkje.

Sorga har så mange ansikt. Det er ikkje berre ved dødsfall ein kjenner på ei botnlause sorg. Alvorleg sjukdom, skilsmisse, alderdom prega av personlegdom i endring, og når ein kjenner på at kvardagen er vanskeleg å meistre.
Det er då det er godt å kome saman. Utan seie noko. Berre høyre på. Lytte. Vere til.

Kva med dei som står utanfor? Dei som så gjerne ynskjer å vere medmenneske, men som ikkje veit korleis enn skal vise det. Det er kanskje vel så vanskeleg det, og stå utanfor. Erhard Hermansen delar sine tankar om nettopp dette.

Ingen syng betre ein Elise Nærø. Ingen er rettare å få med seg denne kvelden enn ho. Og saman med seg har ho nokre av elevane sine.
Vegard Voldsund med band vil leie oss inni det musikalske.
Linn Therese Sævik vil leie oss gjennom kvelden.

Vi håper du kjenner at det hadde vore godt å vore i frikyrkja denne kvelden.
Du er velkomen.