Song- og musikkveld med Ørsta Frikyrkjekor

Av: Administrator
02/04-2013

Ørsta Frikyrkjekor inviterer til song- og musikkveld i Herøy Frikyrkje søndag 7. april med mellom anna utdrag frå gospelmusikalen ”Befriad”


På programmet står to avdelingar med koret og ei avdeling med musikkinnslag pluss diktlesing. Koret har henta fram utdrag frå den populære svenske gospelmusikalen ”Befriad”, laga og framført første gong i 1973, og sidan framført hundrevis av gongar, ikkje minst av det kjente gospelkoret Choralerna som mennene bak denne gospelen, Lars Mörlid og Peter Sandwall var med å skipe i Göteborg. Tekstane er alle henta frå Johannes-evangeliet. Koret stiller med rsitatør Per Oleiv Hovland og solistane Jon Ståle Lystad og Arne Ola Grimstad, alle tre frå eigne rekker i koret. Fast pianist Elisabeth Stave har med seg Nils Ose på bass og Idar Hagen på slagverk. Dirigent for det heile er Knut Ose. Befriad er oversett til nynorsk av Arne Myskja.

I tillegg til utdrag frå Befriad, vil koret ha ei avdeling med andre songar.